Slik vert sesongoppkøyringa

To kampar mot Brann i preseason

Sportsleg leiar Håvard Flo legg i desse dagar siste hand på oversikta over treningskampane før Eliteserien startar 1. april 2017.

- Me er særs godt nøgd med neste års oppsett so langt, der me får mange kampar mot gode lag, seier Flo.

Terminlista for Eliteserien kjem 19. desember.

- Eg er veldig godt nøgd med planane for sesongoppkøyringa mot Eliteserien 2017

— Sportsleg leiar Håvard Flo

- I forsesongen skal me spela ti kampar, og me skal vera 25 dagar i varmare strøk, slik at me skal stå godt rusta når avsparket går 1. april neste år.

Her er ein førebels oversikt over sesongoppkøyringa etter nyttår:

Treningskampar:

15. januar klokka 14.00 i Sognahallen: Sogndal - Førde
21. januar klokka 14.00 i Sognahallen: Sogndal - Florø
29. januar klokka 12.00 i Sognahallen: Sogndal - Kristiansund

Gran Canaria - Treningsleir i Puerto Rico 1. - 15. februar
13. februar klokka 11.30 i Maspalomas: Sogndal - Brann

19. februar klokka 13.00 i Sognahallen: Sogndal - Åsane

Spania - Treningsleir i Marbella 27. februar - 8. mars
Her jobbast det med ein treningskamp mot ein internasjonal motstandar *

9. mars klokka 12.00: Lillestrøm - Sogndal *
14. mars: Sogndal heime, motstandar uavklart *
18. mars: Strømsgodset - Sogndal *
​25. mars klokka 16.00 i Bergen: Brann - Sogndal *

* Meir info kjem

Treningsstart etter ferien: 10. januar.

Annonse fra Obos-ligaen: