Slitesiger mot Måløy!

Sogndal 2 drog i land ein viktig 1-0-siger borte mot Måløy!

Det vart ein jamn og tett kamp på Skavøypoll stadion i dag, men Sogndal 2 tek med seg alle 3 poenga heim til Saftbygda. Viljar Stavø scora leiarmålet like før pause, og i andreomgang kom det ingen fleire scoringar. Dermed sikra bortelaget 3 viktige poeng i Kretsligaen!

Laget som starta dagens kamp var:

Daniel Gjerde Sætren, Johannes Konstali-Lødemel, Noah Heggestad, Sander Aske Granheim, Sander Sjøthun Heggestad, Havila Bonabandi, Marius Årøy, Ola Lerheim Olsen, Kristian Kongelf, Andreas Haugen Duesund og Viljar Stavø.

Sogndal 2 borte mot Måløy.png

Sjå oversikt over heile spelarstallen her!

Det var Songdal 2 som hadde mest ball i fyrsteomgang, men Måløy hadde dei største sjansane. Ein god Daniel Gjerde Sætren og nokre sterke blokkeringar frå forsvaret klarte heldigvis å halde ballen ute av målet. Heilt på slutten av omgangen dukka målsniken Viljar Stavø opp i boksen. Sander Sjøthun Heggestad la inn frå venstre, og Stavø fekk tuppa ballen i ein flott boge over keeper. Bortelaget gjekk til pause i leiinga.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

I andreomgang var det eit mykje skarpare Sogndal 2 som kom på bana. Måløy sleit med å henge med, og ein god keeper hindra fleire scoringar. Utover omgangen utlikna Måløy skilnaden og det vart ein tett kamp. Som i fyrsteomgang måtte Daniel Gjerde Sætren i aksjon ved fleire høve, men det ville seg ikkje for Måløy. Ingen av laga fann vegen til nettmaskene i andreomgang, og det enda altså med 0-1-siger for bortelaget.

Sigeren sender Sogndal 2 tilbake på tabelltopp, men like bak følgjer Fjøra. Berre målskilnaden skiljer laga på tabellen, og den tette duellen i toppen av Kretsligaen held fram!

Neste kamp for Sogndal 2 er på heimebane mot Dale. Kampen spelast måndag 10. juni klokka 19:00 på Fosshaugane Campus.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: