
Sogndal - Brann kl. 15:00
Treningskamp i dag på Fosshaugane Campus
Endeleg er ventetida over: Me skal spela kamp!
Det er ikkje kven som helst som kjem på besøk til årets første treningskamp. Me skal spela mot Brann, og trenar Eirik Bakke er glad for at ventetida endeleg er over.
Daniel Eid huka tak i Kristoffer Nessø og Mathias Blårud etter treninga i går for ein prat.
Me har nokre spelarar ute med skade, og i dag får me sjå nokre nye fjes i Kvitedrakta, slik som t.d. Jørgen Johnsen, Mansour Gueye og Kristoffer Nessø. Me får óg sjå unge, lokale karar på bana i dag.
Sola skin over den vakre bygda vår, Fosshaugane er klar, og billett til kampen kan kjøpast her
Det er alltid stas å møta Brann. Me vil jo helst møta dei i kamp om seriepoeng, men det er veldig kjekt at me kan starta oppmed treningskampane mot nettopp Brann.
For å få arrangera treningskampar, har me ein streng smittevernsprotokoll. Det er viktig at dei med billett merkar seg dette:
- Alle skal sitje på sete som samsvarer med det som står på billetten.
- Billett kjøpt på felt U,V eller W går inn Port 5
- Billett kjøpt på felt Y,Z eller Æ går inn Port 6
- P.g.a smittevern mot spelartroppane skal INGEN sitje på Sognekraft Nedre.
Stao no pao!!