
Sogndal G19 vinner mot Bodø Glimt!
Det vart straffe til begge lag når Nord og Vest barka saman på Fosshaugane Sogndal G19
Det er kanskje seint på kvelden for å vera ein vekedag, men dinna glad meldinga kunne me ikkje venta med å dela med dykk, Sogndal g.19 vinn 2-1 mot Bodø Glimt! 1-0 målet (7.minutter) stod Kristian Kongelf for, medan Erik Flataker auka leiinga til 2-0 på straffe (33.minutter) for Sogndal. Bodø Glimt fekk siste målet for kampen med ei straffe (70 minutter), og kampen endå 2-1
Me gratulerer gutane med fin siger og takkar Bodø Glimt og dommartrioen for kampen.
Returkampen er 24.August i Bodø - Vinnaren samanlagt møter vinnaren av kampane mellom Vålerenga og Rosenborg

Det var ein jamn kamp mellom laga i kveld, og unge Daniel Sætren viste dei som var på Fosshaugane Campus kvifor han er 2.målvakt på A laget - med nokon klasse redningar!
Då er det berre å ønskja alle ein god natt og STAO NO PAO i morgon

