Sogndal - Skeid

Fosshaugane Campus, avspark klokka 18:00

Kalendaren har runda september månad, me er allereie framme ved den 23. runden av OBOS-ligaen 2022. Det gjenstår åtte viktige kampar, i dag får me Skeid på besøk til oss. Avspark er klokka 18:00.

Kjøp billetten din her

Me møtte dei tidlegare i sommar i Oslo, der våre karar klarte å henta heim tre poeng i ein spennande kamp som enda 3-2i vår favør.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Runden starta allereie på laurdag. Åsane tok i mot Brann til eit skikkeleg lokaloppgjør i Bergen. Den suverene serieleiaren snubla ikkje og vann 2-0.

I går kunne me sjå to kampar. KFUM var nådelause mot eit Mjøndalen som fekk ein etterlengta opptur i runde 22, og sendte bruntrøyene heimatt til Eiker med halen mellom beina- 3-0 og ein imponerande 2. plass på tabellen for laget frå Ekeberg.

I Sandnes vart det reine skåringsbonanzaen då dei lyseblå tok i mot Start. Ulf skåra tre, noko som bør halda til siger på heimebane, men sørlendingane netta heile fem gonger og tok tre poeng med seg til Kristiansand.

I dag spelast resten av runden, alle kampane har avspark klokka 18:00.

Runde 23 - OBOS-ligaen 2022
Åsane - Brann 0-2
KFUM - Mjøndalen 3-0
Sandnes Ulf - Start 3-5

Grorud - Ranheim
Raufoss - Fredrikstad
Sogndal - Skeid
Stabæk - Bryne
Stjørdals-Blink - Kongsvinger

Før kveldens kampar har me denne tabellen

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 29 21 2 6 84 48 36 65 U V T V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 29 19 6 4 79 34 45 63 V V V T V
3 Kongsvinger Kongsvinger 28 18 5 5 82 45 37 59 V V T V T
4 Stabæk Stabæk 28 17 4 7 66 34 32 55 T U V V V
5 Odd Odd 29 13 7 9 57 46 11 46 V V T T U
6 Bryne Bryne 29 13 4 12 43 41 2 43 T U T U V
7 Ranheim TF Ranheim TF 29 12 5 12 73 69 4 41 T U V V V
8 Egersund Egersund 29 10 8 11 48 57 -9 38 V U U U V
9 Hødd Hødd 29 11 5 13 49 59 -10 38 T U V T T
10 Strømmen Strømmen 29 10 6 13 50 62 -12 36
11 Lyn Lyn 29 10 4 15 46 59 -13 34 T T V T V
12 Sogndal Sogndal 29 8 6 15 48 63 -15 30 T U V V T
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 29 8 6 15 42 58 -16 30 U T T V U
14 Moss Moss 29 8 5 16 41 62 -21 29 V U T T T
15 Åsane Åsane 29 7 5 17 41 65 -24 25 V T T V T
16 Raufoss Raufoss 29 6 2 21 31 78 -47 20 U T T T T

Det er stålande sol og god varme i Saftbygda denne tidlege haustdagen. Yr kan melda om sol, rett i underkant av 20 grader og nokså vindstille under kampen

Kjøp billetten din her

Kom på kamp og støtt karane!

Annonse fra Obos-ligaen: