SOGNDAL - START

Fosshaugane, Avspark klokka 18.00

Den vakre bygda vår har pynta seg til fotballfest! I dag er det ein skikkeleg flott sommardag. Me gjer oss klare til hengekampen mot Start.

Det er to skåringskåte lag som møtast i dag, begge kjem frå solide resultat i helga, der me slo Tromsdalen med 5-2 og Start slo Strømmen med 4-1. Me håpar på ein målrik kamp i dag óg!

Runden
Runde 9 gjekk av stabelen i mai. Vår kamp vart utsett grunna VM for U20-landslag.

Tromsdalen - KFUM Oslo 2-3
Ull/Kisa - HamKam 0-0
Jerv - AaFK 0-0
Kongsvinger - Nest-Sotra 1-0
Notodden - Raufoss 0-1
Skeid - Sandnes Ulf 0-0
Strømmen - Sandefjord 2-3

Slik ser tabellen ut før dagens kamp:

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Bryne Bryne 0 0 0 0 0 0 0 0
2 Egersund Egersund 0 0 0 0 0 0 0 0
3 Haugesund Haugesund 0 0 0 0 0 0 0 0
4 Hødd Hødd 0 0 0 0 0 0 0 0
5 Kongsvinger Kongsvinger 0 0 0 0 0 0 0 0
6 Lyn Lyn 0 0 0 0 0 0 0 0
7 Moss Moss 0 0 0 0 0 0 0 0
8 Odd Odd 0 0 0 0 0 0 0 0
9 Ranheim TF Ranheim TF 0 0 0 0 0 0 0 0
10 Raufoss Raufoss 0 0 0 0 0 0 0 0
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 0 0 0 0 0 0 0 0
12 Sogndal Sogndal 0 0 0 0 0 0 0 0
13 Stabæk Stabæk 0 0 0 0 0 0 0 0
14 Strømmen Strømmen 0 0 0 0 0 0 0 0
15 Strømsgodset Strømsgodset 0 0 0 0 0 0 0 0
16 Åsane Åsane 0 0 0 0 0 0 0 0

Troppen til dagens kamp
Mathias Lønne Dyngeland, Håvard Hetle, Tomas Totland, Per Magnus Steiring, Sixten Jensen, Ole Amund Sveen, Akor, Sigurd Haugen, Sivert Mannsverk, Eirik Birkelund, Ole Martin Rindarøy, Eivind Helgesen, Ulrik Fredriksen, Eirik Schulze, Jonas Fredriksen, Eirik Lereng, Steffen Ernemann, Joachim Soltvedt.

Vêrmeldinga

I dag blir det varmt på Fosshaugane! Me har fylt opp kioskane med is og jus, pass på at du og dine får nok væske! Yr seier at det i Sogndal blir tåke i dag, det er jo heilt feil. Me konkluderar difor berre at det blir heitt og sol!

Kle deg i Svart og Kvitt og kom på kamp!
Me treng vår tolvte mann i dag, og vil bli veldig glade om me ser deg på Fosshaugane. Billettinfo finn du her

9. serierunde i OBOS-ligaen 2019

Sogndal - Start
Fosshaugane
Avspark kl. 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: