Solid andreomgang sikra avansement mot Sandviken!

4 mål i andreomgang sikra avansement til 3. runde i cupen!

Etter ein mållaus fyrsteomgang leverte karadn ein sterk prestasjon etter pause. Scoringar frå Kasper Skaanes, Sander Granheim og Oliver Hintsa x2 gjorde at me vann kampen 4-0!

Den fyrste omgangen var jamnspelt, og karadn klarte ikkje å skape nok problem for heimelaget. Ingen av laga kom til dei nødvendige sjansane for å sette ballen i mål, og til pause stod det 0-0. I pausen bytta me inn Vegard Hagen, Martin Sjølstad og Kasper Skaanes, noko som raskt skulle bli avgjerande.

Etter 57 minutt spelt kom Kasper Skaanes seg fri på venstrekanten og drog seg inn mot mål. Frå skrå vinkel lobba han ballen over keeper og i mål. Ei fortent leiing etter fleire gode sjansar i byrjinga av andreomgang.

Med 12 minutt igjen av ordinær tid var det stopparduoen Jamal Haruna og Sander Granheim som skulle vise seg fram. Etter ein corner som vart klarert ut av feltet kom Jamal Haruna til innlegg. Han fann stopparmakker Sander Granheim som på vakkert vis heada ballen i mål. 0-2, og no gjekk det fort.

Allereie i minuttet etterpå var plutseleg Oliver Hintsa åleine igjennom etter eit flott forarbeid av Sebastian Pedersen. Svensken var iskald åleine med keeper og satte enkelt inn vår tredje scoring for dagen.

På overtid var same mann på rett plass igjen. Høgreback Diogo Brás la eit perfekt innlegg frå høgre og traff Oliver Hintsa i boksen. Ei sikker heading frå 5 meter fastsette resultatet til 0-4, og me er vidare til neste runde i cupen!

Då kunne jubelen sleppast laus i garderoben:


Etter kampen tok me ein prat med Luis Pimenta:


På veg heim vart det klart at me møter Kongsvinger på heimebane i den neste runden av cupen. Kampen spelast i utgangspunktet onsdag 7. mai, men enkeltkampar i runden kan bli flytta til tysdag eller onsdag den same veka. Luis Pimenta gler seg til å møte klubben han tok til cupfinalen i 2016, og me håpar å sjå dykk på tribuna!

Allereie på måndag er det klart for ny kamp. Me tek i mot Odd på Fosshaugadn til runde 4 av OBOS-ligaen. Etter sigeren mot Ranheim og dei to sigrane mot Volda og Sandviken, jaktar me no 3 poeng på heimebane! Kom på kamp og støtt oss i kampen om siger!

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: