Solid gjennomføring

Det vart 3-0 mot Hødd i årets første treningskamp



Det vart ein solid start på perioden med treningskampar!

Karane var spelesugne og vann med komfortable 3-0 mot Hødd i Sognahallen i ettermiddag.

Måla våre kom ved Peter Michael, hospitant Emanuell Grønner skåra på straffe og etter kvilen var det Kristoffer Steinset som fekk vera sist på ballen då det vart 3-0.

Me snakka med ein veldig godt fornøgd trenar etter oppgjeret. Tore André delte ut ros til karane og var nøgd med gjennomføringa av kampen.

- Det var mykje speleglede utpå der, dette blir kjekt! sa Tore Andre Flo.

Les om kampen i Porten

Sogn Avis sendte kampen direkte, sjå opptaket her

Axel Kryger likte seg i Sognahallen i dag, og ser fram til å få sjå sola når han kjem til Marbella





Eirik Lereng spelte heile kampen i dag, og han spelte ein god kamp.

Les også i Sogn Avis

Dette laget starta dagens treningskamp:
Daniel Gjerde Sætren, Hørdur Gunnarsson, Eirik Lereng, Martin Ove Roseth, Per-Egil Flo, Sondre Ørjasæter, Axel Kryger, Emanuell Grønner (hospitant frå Kjelsås), Kristoffer Steinset, Herman Stang Stakset (hospitant frå Fana) og Peter Michael.

På benken hadde me Anders Nord, Enok Naustdal (Florø), Valdimar Ingimundarson, Mathias Blårud, Erik Flataker, Marius Årøy (SIL2), Andreas Hoven og Henrik Lilleåsen (Stabæk)

Annonse fra Obos-ligaen: