Solid siger i Oslo!

Spissane våre er i storform og me tek med oss 3 poeng heim frå Oslo!


Heimelaget Skeid byrja kampen best, men etter scoringa til Sebastian Pedersen var det ingen tvil. Spissane våre er i storform, og to mål frå Oliver Hintsa + ei scoring frå Joakim Nundal sikra 3 poeng og 1-4 mot Skeid på Nordre Åsen!

Det var heimelaget som fekk den beste starten på kampen, og dei fyrste minutta handla det om å stå i mot. Lars Jendal var som vanleg god mellom stengene, og det tok litt tid før det løysna skikkeleg. Heldigvis har me spissar som leverer målpoeng, og etter 30 minutt spelt kom dagens fyrste scoring. Kasper Skaanes frakta ballen framover i bana, drog seg inn mot 16-meteren og slo ein nydeleg pasning gjennom til Sebastian Pedersen. Åleine med keeper gjorde han ingen feil og chippa ballen i mål til 0-1! Etter scoringa fekk karadn fart på sakene, og det stod 0-1 til pause.

Etter pause var det ein annan spiss i form som skulle markere seg. Svenske Oliver Hintsa er vår toppscorar denne sesongen, og etter 52 minutt spelt stod han på rett plass i feltet. Kasper Skaanes fann Vegard Hagen, som igjen slo mot Sebastian Pedersen. Han la ballen tilbake til sin spisskollega, og Hintsa banka ballen i mål til 0-2! Og no skulle det gå fort. Berre 5 minutt etter fekk Hintsa ballen etter eit innlegg frå Ronney Onyango. Ein berøring inn mellom stopparane til Skeid og han var åleine med keeper. Der fekk han ei enkel oppgåve med å sette inn vår 3. scoring for dagen!

Luis Pimenta brukte alle 5 tilgjengelege bytter i dag, og omtrent heile troppen var i aksjon. Det var også innbyttarane som skulle stå for dagens siste scoring for karadn. Óskar Borgþórsson utnytta ein pasningsfeil i Skeidforsvaret og fann Joakim Nundal i god posisjon. På fyrste berøring banka han inn si fyrste scoring for sesongen, og auka leiinga til 0-4!

Skeid hadde absolutt sine sjansar i dag, men unøyaktigheit og ein god Lars Jendal hindra dei gong på gong. I det 88. minuttet skulle dei allikevel få ei scoring for å pynte på resultatet. Jesper Fiksdal fekk litt for god tid i boksen og satte inn 1-4 med eit flott skot, men det vart ingen fleire scoringar og poenga blir med heim til Sogndal!

Tusen takk for støtta frå alle dei frammøtte på tribuna! Det er alltid kjekt å spele med våre trufaste supportarar i ryggen, og ingenting er betre enn å kunne juble for siger saman med dykk! No ventar årets største heimekamp på søndag, og me skal fylle Fosshaugadn! Det er allereie kampen med flest selde billettar i år, og det kan bli fullt på Fosshaugadn! Sikre deg billett no!

Kjøp billett no!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: