
Spennande fotballhelg i vente
Viktige kampar på Fosshaugane Campus
Regnet har vaska den vakre bygda vår dei siste dagane. Nedbøren skal halda fram ut dagen og gjennom natta, men så skal det bli ein lettare vêrtype. Under helgas kampar kan Yr melda om opphaldvêr, kan henda óg streif av sol.
Me får ein liten aperitif i kveld. Klokka 19:00 skal det norske kvinnelandslaget spela mot sjølvaste Brasil, og i troppen er vår eigen Thea Bjelde! Kanskje den unge sogndølen får sin debut på A-landslaget i kveld. Kampen kan du sjå på NRK2 og sendinga startar klokka 18:30. Me ønskjer Thea og kompani lukke til!
Helgas kampar på Fosshaugane Campus
Laurdag
Sogndal FK Damer - KFUM kl. 12:30
Med siger i årets siste kamp for Sogndal FK Damer vil dette unge laget ta ein strålande andreplass i årets seriespel. I vårens kamp vart det 3-0 til Oslo-laget, difor har gjengen no sjansen til å kruna den flotte innsatsen gjennom heile sesongen med ein god revansje. Møt opp og støtt Damelaget!
Sogndal 2 - Bremanger kl. 15:00
Det er duka for årets siste heimekamp for Sogndal 2. Med maksimal utteljing i sesongavslutninga for karane til Krossen, og ditto nedtur for våre vener i Årdal FK (heimekamp mot Måløy), kan det faktisk skje at rekruttlaget vårt tek turen opp ein divisjon. Først må Bremanger nedkjempast, det vart 1-1 i den første kampen så dette er ikkje ein gåtur i parken. Med hjelp frå tribuna og Måløy, kan dette bli ein fin laurdag for andrelaget.
2. laget avsluttar årets sesong borte mot Vik 15. oktober, medan Årdal skal møta Studentspretten på Kvåle.

Søndag
Sogndal - Stjørdals-Blink kl. 14:00
Det ligg an til ein spennande avslutning på OBOS-ligaen 2022. I ein sesong der det ikkje alltid har gått vår veg, har me framleis sjansen til å sikra oss kvalik-spel etter siste serierunde. Første hinder under innspurten er mot Stjørdals-Blink. Dei ligg utsett til på tabellen og vil ofra alt og kjempa med nebb og klør for ta med seg alle poenga heimatt til Trøndelag. I lag med vår tolvte mann på tribuna skal me sørga for at poenga blir att her i Sogn!
Sogndal G16 - Fredrikstad G16 kl. 17:30
Vårt lag i Nasjonal G16-serie har levert ein særs imponerande sesong og på søndag skal dei talentfulle gutane våre bryna seg på tøff motstand mot G16 laget frå Plankebyen. Sist helg drog dei til med 7-0 og siger borte mot Sandefjord - ta turen og sjå framtidas Sogndal-spelarar!
Stao no pao!!