Godt oppmøte på sponsorfrukost

Sesongen 2018 er i gang

Førre fredag samla me over 45 sponsorar til frukost, sportsleg innhald og nettverksbygging på Fosshaugane Campus. Sesongen er snart i gang, og våre samarbeidspartnarar er klar for fleire kjekke augneblink i 2018.

På årets første nettverkssamling fekk dei frammøtte informasjon på kva som rører seg på Fosshaugane. Gjennom vinteren har klubben jobba godt, Yngve Hallén har tredd inn i rolla som dagleg leiar, spelartroppen frå 2017 er forandra og me er klar for å brette opp ermane for ein spannande OBOS-liga.

Eirik Bakke kunne fortelje om kva laget har jobba med i forsesongen, kva ein kan forvente seg i løpet av sesongen og nokre av våre nye spelarar vart og presentert.

Sponsorfrukost presentasjon av spelarar ved Eirik Bakke
resentasjon av spelarar ved Eirik Bakke

Samarbeidsbedrifter
Vår marknadsavdeling er på veg ut av årets mest hektiske periode, sponsorsigneringar. Me er svært nøgd med at så mange i næringslivet ynskjer å spele på lag med oss. Utan gode samarbeidspartnarar har me ikkje moglegheit til å drive med toppfotball. Tilbakemeldingane frå næringslivet har vore positive og me gler oss til eit spanande 2018 med mykje aktivitet.

Sponsorfrukost Saman Kantina
Påskeharen hadde tatt turen innom frukosten og lagt igjen eit påskeegg til alle dei frammøtte. Stor takk til Nettbuss for ein svært hyggeleg gest.

Ny draktsponsor
Det gjenstår framleis nokre reforhandlingar, men så langt har me 120 signerte samarbeidsavtalar. Ein av avtalane som er ny i 2018 er Skipavika som blir draktsponsor på venstrearm.

Omvisning Innovasjonsbygget Yngve Hallén
Omvisning på Innovasjonsbygget. Frå venstre: Geir Eithun (NorEngros), Rune Cirotzki og Christine Førde (Sognenett), Else Nesøy og Wenche Galborgen (Nettbuss), Yngve Hallén.

Takk til alle som møtte opp. Me i Sogndal Fotball er svært glad for å ha nettopp dikka med på laget.

Besøk vår bedriftsside her

Ynskjer di bedrift å verte ein del av vårt sponsornettverk – ta kontakt med marknadssjef Stine Lilloe-Olsen for meir informasjon.

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: