
Strålande turneringshelg for fotballglade ungar
1150 unge fotballspelarar var i aksjon under KIWI BAMA CUP
I helga var det eit yrande fotball-liv i Saftbygda. Då gjekk KIWI BAMA CUP av stabelen og me har verkeleg hatt ei kjekke helg.
Med unntak av korona-året 2020 har me kvar haust arrangert ein slik stor turnering i Sogndal. Den har vert kalla både Bendit Cup og Eat Move Sleep cup, og i år er det KIWI BAMA CUP som er namnet.















































- Dette har vore kjempekjekt! seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad.
126 påmeldte lag og 1150 unge fotballspelarar i alderen 6-12 år spelte tilsaman 252 kampar i Sognahallen og på Fosshaugane Campus.
- Me har hatt ei strålande helg, ei god turnering der alle har storkosa seg, avsluttar Heggestad.
Me gler oss allereie til cuphelga i 2023!