Surt tap borte mot Start

Me fekk ikkje snudd statistikken denne gongen

Sogndal var definitivt best i spelet, og styra mesteparten av kampen totalt. Dessverre hjelp det ikkje når me var for dårlege å utnytte sjansene me fikk. I tilegg hadde Start sin Torkildsen ein veldig god dag på jobb - og leverte ein av sine beste kamper med nokon knall gode redningar. Start var effektive i sitt angrepspel når dei først fekk sleppa gjennom. 

Me tok ein prat med Daniel Arrocha som oppsummera kampen slik: 

"Eg synst me har betre kontroll i 2. omgang enn det me hadde i første, me burde gått oftare i press frå starten av kampen. Me følte ikkje noko spesielt press før kampen, men visste det kom til å bli ein tøff kamp. Me går inn i alle kampane at me skal dominera og vinne. Me vart straffa hardt på dei få sjansane Start fekk, men føler me fortsatt hadde fin kontroll mesteparten av kampen utover på slutten, når me satsar med mange spelerar. Den store skilnaden var at me fekk ikkje sett dei store sjansane me skapte, og det gjorde dei i dag. 

Det me skal ta med vidare er at me dominera heile 2 omgang og at me kjem til store sjansar, så må me sjå korleis me får utnytta dei betre. Det var mange gode ting å ta med seg vidare, men me må vere meir kyniske i begge felt - Hadde det vert betre kvalitet på siste tredje del hadde me vunne denne kampen. 

No skal me analysera denne kampen og komme oss vidare, me har Kongsvinger heime på Laurdag som har gjort det bra, men eg trur på at me skal få oss 3 poeng. Utnyttar me sjansane me skaper så har eg stor tru på mange 3 poenger i haust."

Då er det berre å børsta av seg denne kampen og sjå mot Kongsvinger heime på Laurdag. Me treng støtte på tribunen, så ta med deg familie, nabo, venner (eller ein uvenn) til helga - og bli med å skapa ei god ramme rundt kampen!

Ha ein fin søndag kveld vidare, og STAO NO PAO i morgon når det er ny veke og nye moglegheiter!

Me takkar Helge N.Olsen for bilde frå kampen!

Annonse fra Obos-ligaen: