Surt tap mot Stabæk
Stabæk - Sogndal 2-1. A-laget
Sogndal gjekk ut på Nye Nadderud med energi og aggressivitet.
Frå start tok me tak i kampen med høgt press og god organisering. Me vann mange dueller og andreballar, som gjorde det vanskeleg for Stabæk å få ro i spelet sitt.
Etter ein lovande opning fekk heimelaget gradvis meir kontroll. Etter rundt 20-25 minutt byrja Stabæk å spele seg inn i kampen, og det var også dei som fekk det første målet og kunne gå til pause med leiinga.
Etter kvilen kom Sogndal ut som det beste laget. Intensiteten var tilbake, og me skapte fleire store sjansar gjennom andre omgang.
Fire minutt ut i omgangen kom Sogndal framover. Lukas Gausdal fann Kasper Skaanes, venstre vingback for høvet, med ei nydeleg pasning inn i 16-meteren. Skaanes breisida ballen i lengste hjørnet.
Etter dette skapte me nok moglegheiter til å få både eitt og fleire mål.
I staden var det Stabæk som fekk det avgjerande ordet. Like før slutt sette heimelaget inn 2-1. Saman med det første målet var det to baklengs som det bør vera mogleg å unngå.
Sjølv om poenga blei att på Nadderud, var det noke positivt å ta med seg. Prestasjonen var fleire hakk opp frå dei føregåande kampane.
No dreg åtte av spelarane våre på landslagsoppdrag. Resten trenar på feltet i starten av veka, før det blir nokre dagar fri.
Deretter skal me ruste oss for ein svært travel oktober med avgjerande kampar.
OBOS-ligaen
|
|
Spelt S | Vunne V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | Form | |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Haugesund Haugesund | 23 | 17 | 1 | 5 | 72 | 39 | 33 | 52 | V V V V V |
| 2 | Kongsvinger Kongsvinger | 23 | 15 | 5 | 3 | 68 | 35 | 33 | 50 | V U V U V |
| 3 | Strømsgodset Strømsgodset | 23 | 14 | 6 | 3 | 60 | 31 | 29 | 48 | V V U V V |
| 4 | Stabæk Stabæk | 23 | 14 | 3 | 6 | 57 | 29 | 28 | 45 | V T T T V |
| 5 | Odd Odd | 23 | 10 | 6 | 7 | 47 | 36 | 11 | 36 | T V U T V |
| 6 | Bryne Bryne | 23 | 11 | 2 | 10 | 32 | 31 | 1 | 35 | V T T V V |
| 7 | Hødd Hødd | 23 | 10 | 4 | 9 | 38 | 45 | -7 | 34 | T V U T T |
| 8 | Egersund Egersund | 23 | 8 | 5 | 10 | 36 | 44 | -8 | 29 | T U U U T |
| 9 | Ranheim TF Ranheim TF | 23 | 8 | 4 | 11 | 56 | 58 | -2 | 28 | T T U U V |
| 10 | Lyn Lyn | 23 | 8 | 4 | 11 | 39 | 48 | -9 | 28 | V U U V T |
| 11 | Moss Moss | 23 | 7 | 4 | 12 | 38 | 52 | -14 | 25 | U T V T V |
| 12 | Strømmen Strømmen | 23 | 7 | 4 | 12 | 35 | 52 | -17 | 25 | |
| 13 | Sandnes Ulf Sandnes Ulf | 23 | 7 | 3 | 13 | 32 | 42 | -10 | 24 | T V U T T |
| 14 | Sogndal Sogndal | 23 | 6 | 5 | 12 | 38 | 53 | -15 | 23 | U T T U T |
| 15 | Åsane Åsane | 23 | 5 | 5 | 13 | 34 | 52 | -18 | 19 | T U U U T |
| 16 | Raufoss Raufoss | 23 | 6 | 1 | 16 | 26 | 61 | -35 | 19 | T T T V T |