Surt tap på overtid

Me utnytta ikkje sjansane våre godt nok i dag

Det vart 2-1 til Fredrikstad i dagens kamp på Fredrikstad Stadion. Vårt mål kom tidleg i kampen, signert Endre Kupen. Heimelaget utlikna eit kvarter før pause, og skåra sigersmålet to minutt på overtid.



Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Me hadde mange sjansar i dag, men det var berre Kupen som fekk nettkjenning. Me snakka med ein skuffa Kupen etter kampslutt.



Kristoffer Nessø var tilbake etter skade. Det var nok godt å få starta ein kamp att, men det var ein skuffa kar me snakka med før han satte seg på bussen.

Les om kampen i Sogn Avis

Trenar Eirik Bakke såg mykje bra i karane i dag, men var sjølvsagt veldig skuffa over tapet etter kampslutt.




Les om kampen i Porten

Etter 17. runder har me denne tabellen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 23 18 5 0 59 14 45 59 V V V V V
2 Start Start 23 12 5 6 45 29 16 41 T V U T T
3 Kongsvinger Kongsvinger 22 10 7 5 46 35 11 37 V V V U V
4 Lyn Lyn 22 10 5 7 34 24 10 35 V U V U V
5 Aalesund Aalesund 22 9 8 5 39 32 7 35 V T T V V
6 Sogndal Sogndal 22 10 5 7 39 36 3 35 V V V U T
7 Ranheim TF Ranheim TF 23 10 5 8 34 38 -4 35 T U U V V
8 Egersund Egersund 22 9 6 7 35 35 0 33 V U U V U
9 Hødd Hødd 23 8 6 9 30 38 -8 30 U U T V V
10 Odd Odd 23 7 6 10 28 30 -2 27 U T U T V
11 Moss Moss 23 7 5 11 35 46 -11 26 U T V U T
12 Raufoss Raufoss 22 6 8 8 36 37 -1 25 V T T V T
13 Åsane Åsane 23 6 7 10 29 39 -10 25 V U U T T
14 Stabæk Stabæk 22 3 9 10 27 39 -12 18 T T U U U
15 Mjøndalen Mjøndalen 23 3 6 14 27 55 -28 15 T U T T T
16 Skeid Skeid 22 1 9 12 25 41 -16 12 U T T U T

Det er ein skuffa gjeng som er på veg i bussen heimatt, men allereie på onsdag klokka 18:00 får me sjansen til å revansjera oss. Då får me Raufoss på besøk, og karane treng støtta frå publikum. Kjøp billett til den kampen her

Fredrikstad – Sogndal 2–1 (1–1)

OBOS-ligaen, 17. serierunde, Fredrikstad stadion, søndag 12. september

Mål: 0–1 Endre Kupen 21. min, 1–1 Henrik Kjelsrud Johansen 31. min, 2–1 Nicolay Solberg 90. min

Gule kort: Mads Nielsen, Philip Aukland, Nicolay Solberg, Fredrikstad, Daniel Eid, Andreas Hoven, Emil Palsson, Axel Kryger, Jerome Akor Adams, Sogndal

Domar: Daniel Higraff, Randaberg

Tilskodarar: 3321

Fredrikstad (4–3–3): Håvar Jenssen – Stian Molde (Ludvig Begby frå 38.), Philip Aukland (Alexander Hansen frå 78.), Ayoub Aleesami, Mads Nielsen – Thomas Drage, Jakob Lindstrøm (Håvard Åsheim frå 61.), Olav Øby (Antonio Nieves frå 78.) – Taofeek Ismaheel, Henrik Kjelsrud Johansen (Nicolay Solberg frå 61.), Riki Alba

Sogndal (3–4–3): Renze Fij – Axel Kryger, Martin Ove Roseth, Per-Egil Flo – Daniel Eid, Emil Palsson, Mathias Blårud (Tobias Bjørnebye frå 85.), Andreas Hoven – Steffen Skålevik (Kristoffer Hoven frå 80.), Endre Kupen (Jerome Akor Adams frå 57.), Kristoffer Nessø

Annonse fra Obos-ligaen: