
Ta med barna på kamp!
På våre heimekampar er det tilrettelagt kampoppleving óg for dei yngste
Me ser fram til ein spennande sesong i OBOS-ligaen! I lag med vår tolvte mann ønskjer me å laga Fosshaugane til eit frykta fort motstandarane dreg tomhendte heim i frå.
Som tidlegare år legg me vekt på at alle skal ha det bra hjå oss under kampen, og på Fylkestribuna er det ekstra tilrettelagt for at barnefamiliar kan ta med seg barna på kamp.
Barn under fem år har gratis inngang.
Det er ein eigen gjeng som står klar til å ta seg av ungane med ein eigen aktivitets- og barnepark ved Kiosk nr. 6 - port 6. Her har me ulike former for aktivitetar for ungane mens foreldra er ute på tribuna og ser kampen.
For dei litt eldre ungane i alderen 6-12 år har Juniorsvingen eit eige opplegg ved Felt S/T på Fylkestribuna.
I eigne T-skjorter som ungane får ved oppmøte, spring dei rundt midtsirkelsegl med flagg og eigen musikk sju minutt før kampstart.
Ta med heile familien og bli med på å lage god stemning på våre heimekampar.
Stao no pao!