Takk for innsatsen, Martin Salbu!
Medieansvarleg Martin Salbu gir seg i Sogndal Fotball ved årsskifte.
Martin kom inn i Sogndal Fotball i 2022 i ei prosjektstilling for sosiale media og nysatsing på podcast. Etterkvart fekk han meir ansvar for media og frå 2024 har han vore fulltidstilsett i klubben. Det siste året har rolla vore meir todelt mellom media og arrangement.
Martin har utvikla og satt sitt preg på både klubben sin digitale kommunikasjon og medierolle, og har vore ein kapasitet inn mot arrangement. Han ser tilbake på ei lærerik tid i klubben:
- Det har vore spennande å få jobbe i Sogndal Fotball, og læringskurva har vore bratt. Frå eg kom inn i 2022 har eg heile tida utvikla rolla mi og lært nye ting. Å få jobbe tett på A-laget har vore ein draum, og eg har fått mange gode minner frå desse åra. Så har det vore utruleg moro å få jobbe saman med så mange kjekke folk, og eg må spesielt takke dei andre i administrasjonen for nokre flotte år.
Sogndal Fotball ønskjer å takke Martin for engasjementet og innsatsen! Me ønskjer han lukke til med nye utfordringar i Sogndal FK Damer og Kvåle skule!
Foto: Andrea Salbu
STAO NO PAO!