Takk for innsatsen: Kristian Ask

Kristian Ask byrjar i ny jobb hjå NFF Sogn og Fjordane 1. januar

Kristian Ask har det siste året hatt rolla som sportsleg leiar i breiddeavdelinga og klubbkoordinator i utviklingsavdelinga. Etter litt over 5 år med ulike roller og verv i klubben har han no vald å byrje i ny jobb hjå NFF Sogn og Fjordane, og me ønskjer å takke han for innsatsen han har lagt ned!

Kristian byrja som student ved HVL Sogndal, og fann vegen til Sogndal Fotball som trenar i breiddefotballen. Frå å vere trenar har han tatt steg i klubb og vore med på å utvikle ei rolle for å styrke samarbeidet med breiddeavdelinga. I tillegg har han vore trenar for nasjonale lag i utviklingsavdelinga og hatt dialogen med samarbeidsklubbane våre.

- Eg var svært delaktig i Studentspretten både som spelar og trenar/lagleiar. Etter at eg skada kneet, og ikkje kunne spele meir, vakna det ei trenarspire i meg. På den tida studerte eg idrett på Høgskulen her i Sogndal, då eg vart kontakta av Terje Skjeldestad og Ole Erik Grinde som var konstituert dagleg leiar på det tidspunktet. Eg fekk tilbod om å trene eit lag i Sogndal Fotball, nærare bestemt dei gyldne 05- og 06-årgangen, då dei framleis var i breiddefotballen. Det var ein no-brainer, og noko eg treivst veldig godt med, fortel han.

Trenarane Martin Natvig t.v. og Kristian Ask t.h. vart Kretsmeistrar med G15/17 (05 og 06). Fleire av desse har utmerka seg også i seniorfotballen.
Trenarane Martin Natvig t.v. og Kristian Ask t.h. vart Kretsmeistrar med G15/17 (05 og 06). Fleire av desse har utmerka seg også i seniorfotballen.

- Overgangen til utviklingsavdelinga kom litt naturleg, fordi eg tok UEFA B-lisens og fullførte den på Høgskulen. Det var trenarrolla eg ønskte å satse på i utgangspunktet, men Ole Erik kontakta meg tidleg, og spurde meg om eg kunne tenkt meg å ha ei koordinatorrolle kombinert med trenargjerninga. På dette tidspunktet jobba eg fullt på Kvåle Skule, som tvinga fram at eg måtte velje fotball eller skule.

Kristian har eigenskapar som gjer han god med folk, og evna hans til å kommunisere og organisere gjorde at Ole Erik Grinde tidleg såg eit leiarpotensial i han. Då Kristian valde fotballen var det starten på ei kombinert rolle som dreia seg meir og meir mot leiarskap og å nytte dei beste kvalitetane til Kristian inn mot breiddeavdeling og samarbeidsklubbar.

- Eg kom etterkvart inn som trenar for Nasjonal Gutar 14 saman med Endre Kupen, og hadde samtidig rolla som klubbkoordinator. Kombinasjonen å jobbe med breiddefotballen og frivilligheit samtidig med ei trenarrolle var vanskeleg. Det tok mykje tid både på dagtid og på kveldstid, og det vart mykje å gjere begge deler. Då måtte ein ta eit val om ein ville halde fram med trenarrolla eller om ein ville fortsette med klubbdrift. Valet fall på det sistnemnde, og eg vart sportsleg leiar i breiddefotballen og klubbkoordinator i utviklingsavdelinga.

Endre Kupen og Kristian Ask som trenarar for NG14
Endre Kupen og Kristian Ask som trenarar for NG14

Kristian fortel at det har vore stort å jobbe for Sogndal Fotball, og at det har vore ei fin tid:

- Det har vore stort for meg å jobbe i klubben. Eg har fulgt klubben heilt sidan eg var liten, og reiste med bestefaren min frå Askvoll for å sjå kamp. Der vart det mange gode opplevingar, og å få bidra inn mot dette har vore stort. Det er ein tradisjonsrik klubb med mange fine folk som både frivillige og tilsette. Eg har storkosa meg på vegen, og så har det vore nokre tøffe tak og vanskelege tider i mi rolle og. Eg føler eg har vakse som person og som leiar, og det er mykje eg kan ta med meg vidare i livet.

- Eg sit igjen med at Sogndal er ein klubb som gir unge som meg moglegheiter. Sjølv om ein ikkje har så mykje å vise til av erfaring, kan ein kome inn og få sjansen til å følgje draumen om å jobbe i fotballen. Dei sjansane eg har fått er eg veldig takksam for, og dei er nok også grunnen til at eg no får ein ny spennande jobb.

Frå 1. januar er det framleis Fosshaugane Campus som er arbeidsplassen, men då er det på Kretskontoret ein finn han. Kristian går då inn i rolla som KA Klubbutviklar for NFF Sogn og Fjordane, og vil jobbe inn mot klubbane i fylket.

- Eg går inn i ei rolle der eg skal samarbeide med alle klubbane i NFF Sogn og Fjordane om vidare klubbdrift. Det handlar om å finne gode løysingar for kvar enkelt klubb, og å utvikle deira konsept. Dette er mykje av det eg har jobba med i Sogndal Fotball også, der eg har jobba i kvalitetsklubb-konseptet. Det er forbundet sitt verktøy for å kartlegge strukturen til klubbane. Ein kan seie at rolla mi her i Sogndal Fotball minnar litt om det som ventar i Kretsen.

Sogndal Fotball ønskjer å takke for fantastisk innsats, og vil samtidig ønskje masse lukke til i ny jobb! Heldigvis vil me framleis møtast på Fosshaugadn, og kanskje sjåast me igjen ein dag!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: