Takk for innsatsen: Martin Sjølstad

Martin Sjølstad held fram karriera i dansk fotball

Det gjenstår berre ein kamp denne sesongen, og på laurdag tek me i mot Ranheim på Fosshaugadn. Martin Sjølstad har allereie spelt sin siste kamp for Sogndal Fotball, og me ønskjer å takke for fantastisk innsats gjennom 3 år.

Martin kom til Sogndal frå Kristiansund i februar 2023, og viste seg raskt å skulle bli ein trygg og solid spelar i kvitt og svart. Den fyrste sesongen under Tore André Flo var han på bana i samtlege 30 kampar i OBOS-ligaen, der 28 av desse var frå start. Frå ventrebacken var han ei viktig brikke både offensivt og defensivt, og i sin fyrste sesong vart det 2 mål og 2 målgivande.

I sesong 2 på Fosshaugadn var han framleis ein stabil spelar, som alltid var tilgjengeleg. Venstrebacken starta i samtlege av sine 29 kampar, og gjekk berre glipp av ein kamp grunna karantene. Hausten vart ei tung, men lærerik oppleving, og Sjølstad vaks fram som ein av leiarane i gruppa. Framover i bana vart det eit noko uforløyst potensiale, og berre 2 målgivande pasningar var fasit når me avslutta 2024-sesongen. Det potensiale fekk me verkeleg sjå året etter, og årets sesong har definitivt vore den beste i Saftbygda.

Under Luis Pimenta har Sjølstad vore ein viktig leiarfigur både på og utanfor bana. Han har vore eit godt førebilete, og ein spelar som alltid bidreg med godt humør og høg standard i garderoben og på bana. Med ny formasjon vart det også meir offensivt ansvar, og i periodar har eit av våre viktigaste angrepsvåpen kome frå venstrebacken. I tillegg til å vere eit konstant uromoment for forsvarande lag, har han levert 2 scoringar og 7 målgivande pasningar. Også denne sesongen har han vore stabil, og starta nesten alle kampar. Diverre har ein skade halde han ute av kamptropp i innspurten, og me får ikkje sjå han på bana mot Ranheim i det som kunne blitt den siste kampen. Det betyr at han endar på 94 offisielle kampar, og står med 4 scoringar og 11 målgivande pasningar frå venstrebacken. 

På laurdag blir det ein siste sjanse til å takke han for innsatsen før kampen mot Ranheim. Me tok ein prat med han om tida i Sogndal og vegen vidare:


No ventar nye eventyr i Randers FC og den danske Superligaen. Frå 1. januar skal han altså bryne seg på lag som FC København, AGF og Brøndby. Det blir ei spennande utfordring, og me ønskjer masse lukke til! Tusen takk for innsatsen i Sogndal, Martin!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: