Tap mot Brann

- Me kan betre enn dette, sa Tore André etter 0-3 i generalprøven

Det vart ikkje den generalprøven trenar Tore André hadde håpa på då me møtte Brann til dyst på Fosshaugane i ettermiddag.

Bergensarane var best i alt, og sikra seg ein 3-0 siger, der stillinga var 2-0 til dei raude ved pause.

Les kva Tore sa til Sogn Avis etter kampen

Godta informasjonskapslar for å sjå video


- Me kan betre enn dette, sa Flo då me snakka med han etter kampslutt. Axel Kryger var samd med trenaren sin, og er motivert for å dra til no inn mot seriestart neste måndag.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Les om kampen i Porten

Vegard Moberg var tilbake på Fosshaugane, no som Brann-spelar etter opphald i Bodø og Danmark etter at han reiste frå oss. Me snakka med den skjeggefine mannen etter kampslutt.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Mathias Lønne Dyngeland var tilbake for første gang etter at han reiste til Sverige. Vår gamle kaptein er no heme i byen, men det spørs om ikkje mormor Dagrunn og morfar Olav framleis vil halda eit godt auge med laget i svart og kvitt.

Sogndal - Brann 0-3 
Mål: 0-1 Bård Finne (7), 0-2 Frederik Børsting (35), 0-3 Mathias Rasmussen (55)

Startoppstilling:
Renze Fij, Hörður Ingi Gunnarsson, Mansour Gueye, Andreas VanderSpa, Per-Egil Flo, Sondre Ørjasæter, Valdimar Ingimundarson, Axel Kryger, Kristoffer Nessø, Peter Godly Michael og Kristoffer Hoven.
På benken: Sondre Midthjell, Anders Nord, Eirik Lereng, Andreas Hoven, Jónatan Jónsson, Martin Ove Roseth, Emanuel Grønner, Kristoffer Steinset og Mathias Blårud

 

Annonse fra Obos-ligaen: