Techlunsj i Flostova
Fotballmiljøet i Sogndal var samla til lunsj
Onsdag 25.januar vart det for fyrste gong arrangert Techlunsj på Flostova, Fosshaugane Campus. Tanken bak er at dette skal vere ein uformell møteplass der ein diskuterer relevante tema innan fotball. Dette kan dreie seg om forskning, teknologi, nyvinningar osv.

Initiativtakar til ”Techlunsj” er Mikkel Frodahl, Better Player, og han var svært nøgd med dagens møte.
- Eg er svært nøgd med oppmøte i dag då både Kunnskapsparken, Rocketfarm, Høgskulen, Fotballkretsen og Sogndal Fotball var representert. Til neste møte håpar eg at fleire tek med seg matpakka og tek lunsjen saman med oss. Me ynskjer særleg å få med bachelor- og masterstudentar som har interesse for fotball, seier Frodahl.
Dagens tema var analysearbeid og digitale verkty. Sondre Skrede, som er tilsett i 40% stilling i lab, har brukt mange timar på å omsetje råfilm til grafikk som er til stor nytte for spelarane. Han fortalde og viste frå det nye redigeringsprogrammet. Skrede fortalte vidare litt om arbeidet som skjer på Høgskulen sin fotballab, og Frodahl fortalte om kommersialiseringa av Better Player.
- I fjor vart det teke over 400 timar med film frå treningar og kampar som igjen vart brukt i analyse og lab. Fokuset i år vert å filme med meir fokus på relevante situasjonar. Slik kan ein hente ut den informasjonen som trengs i analysearbeidet, fortel Skrede.

Framover vil aktuelle temaer vere;
- Forskning på fysisk prestasjon
- Fotball som utdanningsløp
- Fotball i media
- Fotball som samfunnsbyggar
- Fotball og folkehelse
- Korleis vere spelar i alle teknologien?
Ynskjer du delta på neste techlunsj?
Like Techlunsj si Facebook side og hald deg oppdatert: