Teken ut på G17-landslaget: - Veldig kjekt
Sverre Stavø (17) har hatt ein god sesong. No er han teken ut på G17-landslaget for første gong. A-laget Utviklingsavdelinga
Då uttaket for G17- og G18-landslaget vart presentert, sto det fire spelarar frå Sogndal Fotball på listene: Sverre Stavø (G17), Emil Hillestad (G17), Elias Flo (G18) og Harald Woxen (G18, på lån frå LSK).
Den største nyheita er kanskje at sogndølen Sverre Stavø vart teken ut på G17 for første gong.
– Det var sjølvsagt veldig kjekt å bli teken ut. Eg har vore innom éin gong før på G16-landslaget, så det var veldig herleg å få beskjed om at eg var teken ut på G17, seier Stavø.
Mange målpoeng
Spissen har gått gradene gjennom akademiet og breiddefotballen i Sogndal før han vart ein del av utviklingsavdelinga. I fjor signerte han si første proffkontrakt.
I år har Sverre banka inn mål for Sogndal 2. Etter 19 kampar står han med 15 skåringar og sju assist.
– Det er utruleg kjekt for Sverre og Sogndal at me har fått ein spiss på G17-landslaget. Han har jobba utruleg hardt over tid og har vist i 3. divisjon at han er ein spennande spelar. Han er ein ekte sogndøl som har auge for mål, og legg ned ein enorm innsats for laget. Så dette er kjekt, seier Sogndal 2-trenar Kristoffer Valsvik.

I vinter spelte Stavø fleire treningskampar for A-laget, og har trent jamnleg med dei denne sesongen. I august kom den offisielle debuten i cupkampen mot Fjøra.
– Det var kjekt å få prøve seg. Tankane vidare er berre å halde fram og ta moglegheitane når dei kjem, seier Sverre.
Moglegheiter i Saftbygda
På landslagslistene finn me spelarar frå dei største klubbane i Noreg, RB Leipzig, Slavia Praha og Sogndal.
Det er ei fin påminning om kva som er mogleg.
– Sogndal er absolutt ein god klubb og ein fin plass der eg får vist meg fram, får sjansar og får moglegheita til landslag, seier Sverre.
Utviklingsansvarleg Anders Stadheim peikar på at uttaket er eit resultat av langsiktig arbeid frå både spelaren sjølv og mange rundt han.
– Dette er ei fjør i hatten både for Sverre og Sogndal. Sverre har lagt ned jobben, utvikla seg godt og prestert bra for Sogndal 2. Me må òg skryte av alle dei flinke trenarane som har følgt han gjennom aldersbestemte lag og i utviklingsavdelinga. Kristoffer og Anton gjer ein god jobb på Sogndal 2. No handlar det om å fortsetje å jobbe knallhardt for å ta nye steg, både for Sverre og resten av spelarane i utviklingsavdelinga, seier Stadheim.
Gratulerer til Sverre, Emil, Elias og Harald med landslagsuttak!