Tommy klar til ny innsats!
Årdølen er tilbake i Sogndal Fotball
14 månader etter at han skifta arbeidsgjevar, kan me no atter ein gong høyra den blide årdølen på langsida i Sognahallen.
- Eg har hatt nokre flotte månadar på Melås, der eg har jobba med noko heilt anna enn kva eg har vore van med frå tidlegare, seier Tommy Øren.
Då han reiste frå oss sist, hadde han akkurat gjennomført Lerum Cup på ein strålande måte, etter at han overtok stafettpinnen frå Svein Olav Haugen. Det er ikkje ukjente ting han skal til med når han no er tilbake.
- Eg tek over som ansvarleg for SogndalAkademiet etter Marius Kloster, som har gjort ein kjempejobb.
SogndalAkademiet er noko Tommy kjenner godt frå før, då han og Sebastian Kaldestad utvikla det for nokre år sidan.
Det er kjekt å ha Tommy på plass!
— Anders Stadheim, Utviklingsansvarleg
Tommy ser fram til å ta over Akademiet, og er allereie godt i gong med førebuingane til oppstart etter nyttår.
- Det er kjekt å få på plass Tommy, me veit kva han står for, seier ein nøgd Stadheim.
- Eg gler meg veldig til å ta over etter Marius, som har gjort ein flott jobb. Akademiet har hatt ein fin utvikling, der totalen i tilbodet et meget bra, seier Tommy.
Også Lerum Cup
Det er ikkje berre SogndalAkademiet Tommy skal driva med. Fjorårets sjef for Lerum Cup har hendene fulle med sitt prosjekt i Better Player, og det er duka for eit comeback også på cupeventyret i Indre Sogn.
Cupsjefen frå 2015 rosar Mikkel Frodahl for den utviklinga turneringa har hatt.
- Mikkel tok over og styrte med strak arm og vidareutvikla konseptet, slik at cupen i sommar vart ein suksess. Det blir kjekt å ta det nye systemet hans vidare.
Tommy er klar på at cupen skal framstå slik den har vore i ei årrekkje.
- Me skal ikkje endre mykje, men noko nytt blir det, slik at me sikrar enno litt meir at cupen er ei positiv oppleving for ungane. Det er jo det det dreiar seg om, seier Tommy.
Også arrangementssjef Geir Inge Heggestad kjem til å nytta seg av Tommy sin kompetanse, slik at han óg kjem til å ha ein link inn mot forskjellige events som er gjennom året.
- Eg er veldig glad for å vera tilbake i klubben! Eg har hatt det fint på Melås, men må innrømma at eg har sakna miljøet. Det er spesielt å vera ein del av fotballfamilien i ein klubb som Sogndal, so dette vert veldig kjekt, avsluttar ein smilande Tommy Øren.
Me er veldig glade for å ha han tilbake. Stao pao, Tommy!