
Treningskamp mot Førde
Onsdag kl. 19:00 på Fosshaugane Campus- Gratis inngang og kiosk Treningskamp
Det vert kamp på Fosshaugane Campus onsdag! Då får me besøk av Førde, som i år skal spela i Norsk Tipping-ligaen.
Kampen mot AaFK måtte diverre utgå, men våre vener frå Førde tek turen slik at me får ein verdifull treningskamp.
Avspark på Fosshaugane Campus er klokka 19:00, og det er gratis inngang og kiosksal.
Stao no pao!!