
Treningskamp: Sogndal - Stryn
Fosshaugane Campus, søndag klokka 16:00 Treningskamp
Det vert treningskamp i morgon!
Sidan Åsane ikkje kunne møta oss i morgon grunna sjukdom i troppen, er me veldig glade for at gjengen i Stryn snur seg rundt og kjem til Sogndal i morgon! Karane er klare og gler seg til kamp.
Kampstart er klokka 16:00 på Fosshaugane Campus. Det blir gratis inngang og enkel kiosk.
Ta turen og sjå korleis det går når Sondre Ørjasæter, Per-Egil og Tore André Flo møter gamleklubben!
Stao no pao!!