
Treningskampar, seriestart og betre tider i vente
Ein gledens dag, no kan me snart sjå slutten på denne vanskelege tida.
I går var ein gledens dag for fotballen!
Me får opna opp att for treningskampar, og seriespelet ser ut til å starta i mai. Me snakka med ein glad og entusiastisk dagleg leiar i dag. No kan det endeleg sjå ut til at denne vanskelege tida går mot slutten for Rasmus Mo, og alle oss andre.
Først skal me i gang med treningskampar, og me skal spela fem i talet, om alt går som det skal.
Den første kjem allereie på laurdag, heime på Fosshaugane. Me tek i mot Brann klokka 15:00
Les meir om kampen mot Brann her
Deretter kjem kampane på rekkje og rad:
- Aalesund - Sogndal, onsdag 21/4 kl 14:00 på Color Line Stadion
- Molde - Sogndal, onsdag 28/4 kl 13:00 på Aker Stadion i Molde
- Sogndal - Raufoss, søndag 2/5 kl 14:00 på Fosshaugane Campus
- Sogndal - HamKam, laurdag 8/5 kl 14:00 på Fosshaugane Campus
Laurdag 15/5 er det duka for første serierunde! Me tek i mot Ull/Kisa på Fosshaugane Campus, og du kan sjå helie terminlista her
Det har vore eit langt og vanskeleg år, og pandemien er på ingen måte over. Me må fortsatt halda avstand, bruka munnbind og vaska hender godt og ofte. Men no ser me endeleg starten på slutten, og me går betre tider i møte.
Stao no pao!!