Trygge rammer
Eliteserien markerer Pride 2017
Norges Fotballforbund og Norsk Toppfotball ynskjer saman å gjennomføre ein temarunde i serierunde 14. Temaet og rammene rundt serierunden er "Trygge rammer".
"Me ynskjer at alle skal ha tryggheit i fotballmiljøet til å vere seg sjølv"
Det er estimert at kring 5 prosent er befolkninga er homofil. Det er ei stor minoritetsgruppe. Når fleire homofile er usikre på om dei blir godtekne som den dei er i fotballen og i idretten generelt, så er det noko me må ta meir på alvor med praktisk handling.
Kven du forelskar deg i skal ikkie ha noko betydning for om du føler deg velkomen eller ikkie i ein fotballgarderobe. NFF er stolt over fotballen sitt kontinuerlege verdiarbeid gjennom Fair play-programmet, men me må erkjenna at me ikkje har gjort ein god nok konkret jobb inn mot homofile for at dei skal føla seg velkomne. Det betyr ikkje at homofile ikkje er velkomne i fotballklubbane i dag, men når fleire fryktar reaksjonar frå omgjevnadane om dei står fram med si legning, då har me ikkie kome dit me skal vere.
Kapteinbind i regnbogefargar
Denne helga spelar samtlege kapteinar i Eliteserien og Toppserien med kapteinbind i regnbogefargar, cornerflagga er i regnbogefargar, me gjev homohets raudt kort og samtlege speakarar les opp fylgjande bodskap før kamp: Fotballen er for alle, uansett kven du er glad i. Me ynskjer ulike legningar velkomne i vår garderobe og på våre tribunar. Alle skal kunne ta del i fotballgleda!
Dette er eit kraftfullt bodskap frå toppspelarar og toppklubbane – som har stor kraft til å påverke nedover i rekkene og ikkje minst inn mot barn og unge. Samtidig vil ei slik markering bidra til ei større bevisstgjering internt blant toppspelarar og i toppklubbane. Det skal ikkje vere greit med homovitsar eller andre ytringar som gjer at homofile blir usikre på om dei faktisk blir godtekne for den dei er i fotballen. Det er nok fleire, både i fotballen og i samfunnet for øvrig, som ikkje mener noko vondt med til dømes homovitsar og som ikkje tenkjer over at nokre faktisk kjenner seg krenka av dette. Difor er det viktig med ei bevisstgjering rundt denne problematikken.
Kombinert med dette jobbar NFF med å ferdigstille ein kompetansmodul i NFF Kvalitetsklubb som gjev klubbane konkrete verkemidlar til å jobbe med haldningsskapande arbeid for å sikre at homofile føler seg like velkomne som heterofile. Me trur at ein kombinasjon av ei markering i toppfotballen og eit langsiktig arbeid gjennom NFF Kvalitetsklubb vil gje ei kraft i arbeidet med å få homofile til å føle seg velkomne i norsk fotball.
Det er riktig at ingen mannlege toppfotballspelarar i Noreg har stått fram som homofile, og det kan vere mange årsaker til det. Nokre ynskjer å få oppmerksomhet rundt prestasjonar og ikkje legning, medan andre igjen kanskje er usikre på om dei vil bli godtekne i garderoba. Det fyrste må alle respektere, det siste er ugreit. Jobben me må gjere, er at dei som faktisk ynskjer å stå fram skal føla seg trygge på at dei er like velkomne i garderoba om dei er heterofile eller homofile. Markeringa i helga er eit fyrste steg på den vegen.