Tung sesongopning
Det vart 3-1 og null poeng i Sarpsborg
Det gjekk ikkje heilt for karane i sesongpremieren i dag. Me må reisa heim frå Østfold med null poeng. Sarpsborg 08 får tre og 3-1 i målprotokollen.
Dagens kamp starta ikkje so gale sett med sognablikk. Etter å ha ridd av stormen som me visste ville koma, gjekk me opp i leiinga på ein veldig sur og kald kveld i Sarpsborg.
Bendik Bye kom seg fint fri på høgresida, slo eit perfekt innlegg til Martin Ramsland, og bursdagsbarnet sette den vakkert i mål. Då stod det 14 minutt på uret.
Sarpsborg gav svar på tiltale etter 30 minutt då dei utnytta ein miss hjå oss etter corner. Sigurd Rosted kunne setja ballen i opent mål. Det stod 1-1 til pause.
Me skulle hatt straffe, og me hadde 3-4 ballar i metallet, og me kunne faktisk fått med oss noko heim frå Østfold i kveld, men det var heimelaget som drog det lengste stået med to skåringar etter kvilen mot våre null.
No nullstiller me etter ein kveld med skuffelse. I morgon reiser karane heim, og allereie på onsdag er det klart for ny kamp. Den går på Fosshaugane mot Stabæk, som slo Aalesund 3-1 i dag. Me treng difor solid støtte frå tribuna, og håpar at du kjem! Her kan du kjøpa billett til kampen.
Statistikk, lagoppstilling og tabell
Sogn Avis: Sarpsborg knuste Sogndal på dødball