
Uavgjort mot Start
Mållaust på Fosshaugadn i dag A-laget
Det vart ein mållaus kamp på Fosshaugadn i dag. Begge lag hadde sjansar til å avgjere kampen, men ingen fekk ballen i mål. Dermed enda det 0-0 og med poengdeling i ein kamp som begge lag ønskte å vinne.
Allereie frå avspark var karadn angrepsvillige og før det stod 2 minutt på tavla kunne me scora 2 mål. Sebastian Pedersen var fyrst uheldig då han blokkerte eit skot i offsideposisjon, før han like etter leverte eit nydeleg brassespark som vart redda. Det jamna seg meir ut utover i omgangen og begge lag kunne scora, men fekk ikkje utteljing for sjansane.
I andreomgang vart det same oppskrift, og ingen av laga fann vegen til mål. Mot slutten av kampen pressa me på for ei avgjerande scoring, men ingen av sjansane enda med scoring. Då enda det 0-0 og begge lag sit att med 2 poeng mindre enn ein ønskte. Tusen takk for støtta!
STAO NO PAO!