Uredde Utvik

Her kan du lesa om Bjørn Inge Utvik

Vegen til å bli fotballspelar starta på heimstaden Avaldsnes for Bjørn Inge. Når han var femten byrja han å spela for Haugesund 2 der han spelte i to år. Dei trente der mykje med A-laget. Som 17 åring vart han Sogndalsspelar. 

Annonse:

Du hadde din fyrste offisielle kamp for Sogndal i 2013 mot Strømsgodset?

- Ja, det var 16.mai. Hugsar den kampen godt. Eg var høgreback borte mot eit veldig godt Strømsgodsetlag. Standarden vart sett her altså og det var mykje læring i kampen for meg, seier Utvik.

Bjørn Inge Utvik StrømsgodsetB 2016 Foto - Rune Sjøberg (3)
Bjørn Inge i aksjon mot Strømsgodset 2016. Foto: Rune Sjøberg

Kva er ditt beste minne i Sogndalsdrakta?

- Beste minne, det må vera opprykket. At me klarte å rykka opp på fyrste forsøk etter nedrykket i 2014. All over så må det vera det beste, for klubben og laget. Personlege augneblikk er kanskje når eg scora mot Haugesund. Det var heilt vilt, seier Bjørn Inge.

Karen frå Karmøy er ein tøff spelar. Han er offrande og hoppar inn i mange duellar. Bjørn Inge hadde eit langt skadeavbrekk i fjorårets sesong, dette har han kome styrka ut av. Å trena seg opp att krev mental styrke.

Bjørn Inge Utvik StabækH 2017 Foto - Toril Walker Norheim
Bjørn Inge gjev instruksar til lagkameratar. Foto: Toril Walker Norheim

Er du ei kunstnarspire?

- Eg likar å finna på litt av kvart, det er kjekt å finna på nye ting. Det er ikkje alltid det går så bra fyrste gong, men då prøver eg ein gong til. Eg gjer meg ikkje, seier Bjørn Inge. Han opplyser også om at dette er produksjon til eige bruk.

- Som person er eg ein roleg kar. Det smeller gjerne ein del på bana, men utanfor så tek eg det med ro. Likar å koma meg ut å fiska. Eg er oppvaksen med fisking på hytta i Skjoldastraumen.

Kva gjev godkjensla?

- Godkjensla er jo å vinna då. Viktigaste for meg er å vinna. Anten der er trening, seriekamp…eller kortspel, avsluttar Utvik.

Bjørn Inge Utvik

  • Alder: 21 år

  • Vaks opp på: Avaldsnes

  • Posisjon: Forsvar

  • Kampar for Sogndal: 77

  • Draktnummer: 3

Annonse fra Obos-ligaen: