Ut i verda: Rapport
Med ni spelarar på landslagsoppdrag har Sogndal vore godt representert på den internasjonale scena i det siste. A-laget Utviklingsavdelinga
Sogndal har vore representert på både ungdoms- og seniorlandslag i Noreg, Finland, Latvia og Kenya. Her er ei oppsummering av korleis det gjekk med spelarane våre.
Emil Lunde Hillestad – Noreg U17
Hillestad avslutta samlinga med kapteinsbindet på armen då Noreg spelte 1–1 mot Irland. Han spelte heile oppgjeret, slik han også gjorde i 2–1-tapet mot Nederland. Mellom desse kampane starta han også i 3–2-sigeren over USA.
Sverre Stavø – Noreg U17
På si første U17-samling fekk Stavø prøve seg mot tre ulike nasjonar. Etter eit innhopp mot Nederland fekk han plass i startellevaren mot USA, der han bidrog i 61 minutt i den norske 3–2-sigeren. Samlinga vart avrunda med eit kort innhopp mot Irland.
Harald Woxen – Noreg U18
Woxen fann vegen til nettmaskene i det målrike møtet med USA. Scoringa var likevel ikkje nok til å sikre eit norsk resultat, og kampen enda med eit 4–3-tap. Han fekk også mykje speletid tidlegare i samlinga, med 80 minutt frå start mot England og eit innhopp etter 60 minutt i 2–0-sigeren over Wales.
Elias Svedal Flo – Noreg U18
Flo var involvert i alle tre kampane på U18-samlinga. Etter å ha spelt andre omgang i 2–1-tapet mot England, fekk han tillit frå start mot Wales. Der vart det 75 minutt på bana og ein norsk 2–0-siger. Mot USA fekk han eit innhopp mot slutten av kampen.
Lukass Vapne – Latvia
For Vapne baud landslagsperioden på mykje tid på bana. Han fullførte oppgjera mot Armenia, Kypros og Montenegro, før han spelte ein omgang i neste møte med Kypros. Latvia måtte kjempe for resultata: Det vart eitt poeng i det første møtet med Kypros, medan dei andre tre kampane enda med tap.
Onni Helen – Finland U21
Helen stod for eit av dei mest dramatiske augneblikka blant Sogndal-spelarane. Med eit seint innhopp mot Kosovo og ei scoring på overtid sikra han Finland uavgjort 4–4. Han fekk også 32 minutt i 2–1-sigeren over Spania og kunne dermed ta med seg både ei scoring og ein sterk siger frå landslagsopphaldet.
Tuomas Pippola – Finland U21
Pippola kom inn i 2–0-sigeren over Romania, og mot Kosovo vart han sett inn ved starten av andre omgang. Dermed var både han og Helen på bana i avslutninga av det målrike 4–4-oppgjeret.
Rooney Onyango – Kenya
Onyango fekk speletid i alle tre oppgjera for Kenya. Han var på bana i 79 minutt mot Eritrea, der laga delte poeng etter 1–1. Deretter spelte han heile kampen i det knappe 1–0-tapet mot Guinea, før eit innhopp mot Rwanda avslutta perioden. Den kampen enda utan scoringar.
Mats Wehn Skjeldestad – Noreg U16
For Skjeldestad vart samlinga hans første møte med landslagsfotball. Debuten kom med eit innhopp mot Austerrike, før han fekk tillit gjennom to heile omgangar mot Ungarn. Den første enda med ein klar norsk 4–0-siger, medan Ungarn vann det siste oppgjeret 1–0.
Me gratulerer spelarane med landslagsoppdraga og ønskjer dei velkomne tilbake til Sogndal!