
Utvikling saman - Sogndal Fotball møter Stryn!
Utviklingsavdelinga har vore på besøk til Stryn! Utviklingsavdelinga
Søndag 24. august tok Sogndal Fotball med seg sitt Nasjonal G14-lag til Stryn for å kombinere kamp, kunnskapsdeling og gode fotballpratar.
Det vart ein innhaldsrik dag for representantane våre: Anders (UA), Kristian (SL) og trenarane Anton, Elias og Adrian, der alle fekk ein varm velkomst!
Før kampen fekk Anders og Kristian ein god prat med den Sportslege leiinga i Stryn T&IL, for å diskutere spelarutviklingsmodellar og vidare samarbeid. Når møtet var runda av, åpna ein salen for alle, der Anders og Kristian fortalte om Sogndal Fotball, akademiklassifiseringa og fotballen i Sogn og Fjordane, før Anton la fram kampplanen mot Molde.
Arrangementet som Stryn T&IL diska opp med, stod til høg karakter! Laget stod heller ikkje tilbake for noko, der dei tidvis spelte fantastisk fotball og vann 5-0.
Me takkar Stryn for invitasjonen, oppvartninga, det fine arrangementet og ønskjer dei lukke til med resten av sesongen.
STAO NO PAO!