Utviklingsavdelinga på besøk hjå FBK Voss

Utviklingsavdelinga har vore på Voss for å arrangere trenarforum og fotballøkt

Som ein del av avtalen med dei ulike samarbeidsklubbane våre reiser me ut på besøk til klubbane. Her vert opplegget lagt opp etter ønskje frå klubbane, og denne gongen har utviklingsavdelinga vore på Voss!

Måndag 27. mai reiste utviklingssjef Erling Ola Fykse, breiddekoordinator og trenar Kristian Ask og trenar Endre Kupen til Voss for å gjennomføre trenarforum og ei fotballøkt. På denne måten kan me lære vekk kunnskap og saman bidra til at unge fotballspelarar får best mogleg oppfølgjing i klubbane sine. Målet til utviklingsavdelinga er å legge til rette for dei unge fotballspelarane i fylket, både i eigen klubb og i klubbane rundt oss.

Trenarforumet er eit føredrag om korleis utviklingsavdelinga i Sogndal Fotball jobbar, og kva som ligg bak dei ulike vala ein tek. Visjon, kultur, spelkonsept og treningsmetodikk er litt av innhaldet som blir presentert. Ein fortalte også om Jenter Vil Meir-prosjektet, og gjekk igjennom fotballøkta som skulle gjennomførast etter trenarforumet.

- Me fekk ein god fotballprat med dei frivillige på Voss, fortel Erling Ola Fykse.

Etter ei fin økt inne i lokala til FBK Voss gjekk turen ut på feltet. Der venta 22 spelarar som var klare for å gjennomføre ei fotballøkt. Det var ein fin og engasjert gjeng som bidrog til at dette vart ein kjekk dag. Me håpar at dette vart ei lærerik og nyttig samling for deltakarane, og at det kan bidra til auka kompetanse ute i klubbane.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: