- Veldig glad og veldig overraska!
Mathias er utteken på landslaget!
I dag kom det litt av ein gladmelding frå pressekonferansen på Ullevaal Stadion.
Då landslagssjef Lars Lagerbäck presenterte troppen til kampane mot Sverige og Tsjekkia i juni, var det ein ung mann frå Totland i Bergen på blokka. Vår solide sisteskanse er inne i varmen blant dei aller beste gutta i landet.
Me snakka med Mathias Lønne Dyngeland like etter uttaket.
Gjennom dei siste sesongane har Mathias fått stadig meir ansvar og tillit mellom stengene. I fjor stod han samtlege minutt i Tippeligaen, og sidan debuten i 2014 har han spelt 78 kampar for A-laget. Han er allereie ein rutinert kar, trass hans unge alder.
Keepertrenar Terje Skjeldestad har hatt klokketru på eleven sin, og var i dag ein stolt og glad mann. Han feira uttaket med ei treningsøkt i garderoben.
Det er eit godt sognapreg på denne troppen, då vikjen Gustav Valsvik og vaimingen Even Hovland er med! Her er heile troppen:
Keeperar: Rune Jarstein, Ørjan Nyland, Mathias Dyngeland
Forsvar: Haitam Alesaami, Omar Elabdellaou, Birger Meling, Even Hovland, Håvard Nordtveit, Tore Reginiussen, Jonas Svensson, Gustav Valsvik
Midtbane: Sander Berge, Jo Inge Berget, Mohamed Elyounoussi, Mats Møller Dæhli, Markus Henriksen, Stefan Johansen, Ole Selnæs, Anders Trondsen
Angrep: Tarik Elyounoussi, Bjørn Maars Johnsen, Ohi Omoijuanfo, Alexander Søderlund
Fleire gladmeldingar
Ulrik Fredriksen og Tomas Totland er i uttaket til G18-landslaget sine kampar mot Portugal, USA og Japan i turneringa Lisbon International Portugal. Me kjem tilbake til dette uttaket seinare.
Taijo Teniste skal spela nye landskampar for Estland, denne gong mot Belgia og Latvia, og Elise Thorsnes skal i elden mot USA.