Velkomen, Bill!
Bill McLeod Jacobsen er ny trenarutviklar i utviklingsavdelinga. Utviklingsavdelinga
Sogndal Fotball har signert Bill McLeod Jacobsen (52) som ny trenarutviklar i utviklingsavdelinga. Jacobsen kjem frå Færøyane og har lang erfaring frå både klubbfotball og aldersbestemte landslag. Tilsetjinga er eit viktig steg for å sikre vidare utvikling av akademiet og for å oppretthalde tre stjerner i akademiklassifiseringa.
– Eg skal jobbe tett med trenarane, utvikle dei og hjelpe dei med å få fram det beste i kvardagen på feltet. Samtidig handlar dette om å utvikle klubben og miljøet rundt fotballen her i Sogndal, seier Jacobsen.

Jacobsen har UEFA Pro-lisens og har jobba med fotball i over 35 år. Han har mellom anna vore 18 år i fotballforbundet, der dei siste ti åra var som trenar for U21-landslaget. Han har óg erfaring som klubbtrenar på toppnivå på Færøyane. I tillegg har han leiarerfaring frå sivile jobbar.
– Eg har hatt eit langt liv fotballen. No er barna i ein alder der det passet å kome seg ut og prøve noko nytt. Sogndal er ein klubb med klare mål og ein sterk kultur for utvikling. For meg var dette ei spanande moglegheit til å prøve meg i eit nytt miljø og bruke erfaringa eg har samla gjennom mange år i fotballen, seier han.
52-åringen besøkte Fosshaugane Campus i tre dagar i påska før avtalen kom på plass.
– Me har hatt fleire gode samtalar og grundige møte med Bill. Han har ein solid bakgrunn, eit tydeleg blikk for trenarutvikling og passar godt inn i måten me ønskjer å jobbe på. Dette er ei viktig tilsetjing for utviklingsavdelinga og for klubben som heilskap, seier Anders Stadheim, utviklingsansvarleg i Sogndal Fotball.
Bill McLeod Jacobsen er allereie i gang i rolla og skal jobbe tett med trenarane i heile utviklingsavdelinga.