Velkomen, Kristoffer!
Kristoffer Lassen Harrison (24) kjem på lån. A-laget
Sogndal har henta forsvarsspelar Kristoffer Lassen Harrison frå Moss på lån ut sesongen. 24-åringen er speleklar allereie til helga og blir ein del av troppen i den viktige innspurten på sesongen.
– Kristoffer skal vere med på å styrke oss utover hausten. Etter både sal og skadar vil han gje oss større breidde og meir konkurranse i troppen. Han har spelt mykje for Moss tidlegare og kjem til oss med god erfaring frå nivået, seier Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk.

Kristoffer er fostra opp i Stabæk-systemet og fekk proffkontrakt i 2021. I 2022 gjekk han på lån til både Kjelsås og Grorud, før han signerte for KFUM i 2023. Der var han med på å rykke opp til Eliteserien. I 2024 gjekk han på lån til Moss, der han spelte mykje under Thomas Myhre. Året etter vart overgangen gjort permanent.
Harrison kjem til Sogndal etter ein sesong der speletida har vore meir avgrensa enn han hadde håpa på.
– Det er veldig bra å kome hit. Det kjennest godt og riktig. Eg har fått eit svært godt inntrykk så langt, og fasilitetane her er veldig fine. Eg gler meg til å kome i gang, seier Harrison.
– Dette var vel eit behov for begge partar. Eg har slite litt med speletida i Moss denne sesongen, og her i Sogndal har det vore både litt skadar og litt spelarsal. Då kjennest dette som ei god løysing, seier han.
Harrison skildrar seg sjølv som ein spelar som trivst med det defensive arbeidet.
– Eg likar å forsvare målet. Eg har grei fysikk og er relativt rask. Målet mitt er først og fremst å spele mest mogleg og bidra til at laget får ei fin avslutning på sesongen, seier Harrison.
.png)
Velkomen til Sogndal, Kristoffer!
STAO NO PAO