Velkomen, Lukas
Lukas Gausdal (19) er henta på lån frå Start ut sesongen. A-laget
Den unge midtbanespelaren Lukas Gausdal skal spele resten av sesongen i Sogndal. Han kjem på lån frå eliteserieklubben Start.
19-åringen har starta to kampar i Eliteserien for Start denne sesongen, og kome innpå i seks. I fjor var han involvert i 27 kampar i Start sin opprykkssesong. Lukas spelar også for Noreg sitt U19-landslag.
– Lukas er ein spennande sentral midtbanespelar som har erfaring frå både Eliteserien og 1. divisjon for Start, i tillegg til landslagsspel. Han vil gi oss auka konkurranse på midtbana inn mot ein lang og tøff haustsesong, seier Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk.
Signeringa kjem etter at midtbanemotoren Martin Høyland landa forkjært i cupkampen mot Fjøra og pådrog seg eit kragebeinsbrot. Høyland har starta 15 av 18 seriekampar i år og vore ein viktig brikke i laget.

– På grunn av skadesituasjonen i klubben, der Høyland vart langtidsskadd med kragebeinsbrot og situasjonen elles i spelargruppa, bestemte me oss for å sjekke marknaden etter spelarar som kan kome inn og bidra utover haustsesongen. Me er godt nøgde med å få Lukas inn i troppen, seier Flo.
Lukas vil vere på plass saman med resten av laget før helga, og vil vere speleklar til heimekampen mot Strømsgodset på søndag.
Me kjem tilbake med meir om vår nye midtbanespelar.
Foto: NTB