Velkomen til nye heimesider

Sogndalfotball.no får ny drakt!

Onsdag 15. desember endrar Sogndal Fotball utsjåande – me får ny medieplattform. 

Sidan midten av november har Sogndal Fotball saman med sentrale aktørar arbeidd for å kome over på den nye plattforma, og i dag er dagen her. Det står endå att noko arbeid med å få plattformen heilt klar, men me er på god veg.

I perioden 5-22.desember vil alle klubbane i fotballnoreg sine øvste divisjonar gå over til den nye løysinga.

Fotograf og mediamann Rune Sjøberg har vært med Sogndal Fotball i ei årrekke, og særleg han er glad for at mediaplatformen får eit løft.

- Eg har reve av meg håret og vorte kvit i skjegget over den gamle plattformen me no forlet, seier ein glad Sjøberg.

- No får me eit topp arbeidsverktøy som er framtidsretta og moderne, og som har store moglegheiter for å løfta sidene våre mange hakk.

— Fotograf og mediamann Rune Sjøberg.

- For lesarane vil sidene vera meir oversiktelege og dei legg vekt på bilder og video som ein del av historieforteljinga. Det vil vera lettare å navigera på sida, som og er mykje meir lesevenleg for mobil, fortel ein blid Sjøberg.

Fokus på kampen
Dei nye nettsidene er bygd opp etter eit responsivt vertikalt design med fokus på mobil fyrst. Det er jobba mykje med strukturering og fokusering på den viktigaste informasjonen ut på klubbane sine framsider. 

Saman med Netlife Research er det utviklet ei rekke modular og løysingar som lett kan nyttast av klubbane og som vil gje gode brukaropplevingar.
Store og tydelege bilete med god kvalitet er løfta opp som viktige berarar saman med ein funksjonell videospelar. 

Nettsidene til klubbane skal forsterke klubbane sitt fokus og understøtte arbeidet med å få fleire personar på kampane. Det er derfor utvikla ein kampmodul med 3 forskjellige modus – ein før kamp, ein under kampen og ein etter kamp. Denne vil gje relevant informasjon for brukarane av nettsidene og gje enkel tilgang til å kjøpe billettar.

- Dei nye sidene ser utruleg flotte ut. Dei er mobilvenlege og med bruk av store bileter blir dei tiltalande for våre lesarar, seier kommunikasjonsansvarleg Hilde Østbø.

Kortreist teknologi
Den nye medieplattforma baserer seg på kortreist, norsk programvare fra Enonic (web og applikasjonsplattform) og Qbrick (video- og streamingplattform).

Hovudpartnarar rundt løysninga har vore Netlife Research. Dei er eit digitalt designbyrå med 70 medarbeidarar med spisskompetanse på brukarvenlege, digitale løysingar.

Med seg har dei hatt Seeds Consulting som har bidrege med teknisk spisskompetanse. Saman har dei gjennomført utvikling, design, overføring frå tidlegare løysing og integrasjonar med andre system i tillegg til drift, vidareutvikling og brukarstøtte.

For ytterligere informasjon:
Thomas Torjusen, Norsk Toppfotball – 934 986 93
Jørgen Andreassen, Netlife Research, telefon 481 06 199
Steinar Magnussen, Seeds Consulting, telefon 957 31 083


Linker:
Netlife Research: www.netliferesearch.com
Enonic : www.enonic.com
Qbrick: www.qbrick.com
Seeds Consulting: www.seeds.no

 

Annonse fra Obos-ligaen: