Velkomen til seriestart på søndag!
Innlegg frå styreleiar Tor Arne Ness og dagleg leiar Terje Rognsø
Endeleg er seriestarten her. På søndag har me første heimekamp i sesongen 2019 mot Sandnes Ulf. Etter ein god oppkøyringsperiode, gler me oss til å komme i gang. Me håpar publikum gjer det same og at mange finn vegen til Campus for å støtte laget og klubben. Tenk at me her i Sogndal kan ha eit fotballag i toppen av norsk fotball over alle desse åra. Det hadde ikkje gått utan alle frivillige, samarbeidspartnarar og supportarar som held ballen i spel. Tusen takk! Etter nokre tøffe år både økonomisk og sportsleg vert 2019 eit år der me må gjere harde prioriteringar i drifta vår.
Sportsleg er spelartroppen redusert monaleg, men det viktige er at me har med stammen frå i fjor og det er ein fin miks mellom ungt pågangsmot og rutine. Ei spelargruppe med tyngde frå vestlandet der me har heile 7 spelarar på aldersbestemte landslag, og i tillegg er 3 av spelarane våre kandidatar til å vere med i U20 VM i sommar. Det kan me alle vere litt stolte av! Tek me med oss den flotte sesongen til G19 i fjor med cupfinaleseier i NM, og første norske lag som vart skandinaviske meistrar i denne klassen, gir det eit godt grunnlag for framtida.
OBOS-ligaen vert ei tøff batalje i år. Det er fleire lag som satsar godt. Ikkje minst Start og Sandefjord som kjem ned frå Eliteserien, og Ålesund som me møtte i kvalifisering i fjor. Me må ha fokus på eigne prestasjonar, og skal gjere vårt beste for at Sogndal skal kjempe i toppen.
Søndag finn du oss begge på Sognekraft-tribuna før kampen, me tek gjerne imot innspel og synspunkt frå deg. Me håpar verkeleg å sjå deg på kampane i år – stao pao!
Tor Arne Ness Terje Rognsø
Styreleiar Dagleg leiar