Velkomen tilbake, Fredrik Flo

Fredrik Flo lånast inn frå Norconsult og gjer comeback for Sogndal Fotball!

Fredrik Flo (29) er klar for comeback i Sogndal Fotball. Det skjer takka vere god tilrettelegging frå Fredriks arbeidsgjevar og vår samarbeidspartnar Norconsult.

– Det følest veldig spennande. Først og fremst er eg veldig takksam for moglegheita. Det er jo barndomsklubben min, så det var veldig vanskeleg å seie nei då Eirik (Bakke) spurde om eg ville vere med og bidra. Heilt sidan eg drog herfrå, har det vore ein draum å spele for Sogndal igjen, seier Fredrik.

Har kribla

Fredrik spelte for Skeid i OBOS-ligaen forrige sesong. Etter sesongen la opp han og flytta heim for å begynne i jobben som ingeniør i Norconsult – ein god samarbeidspartnar av Sogndal Fotball, som også held til på Fosshaugane Campus.

No har Norconsult lagt til rette for at midtstopparen kan gjere comeback og bidra for klubben inn i den viktige haustsesongen.

– Eg har veldig god utsikt frå kontoret, og eg trivst veldig godt der. Det kan nok hende eg har følgt litt med på treningane frå vindauget, og eg må innrømme at det har kribla ein god del. Norconsult har vore veldig opne og løysingsorienterte for å få til dette. Eg sit med ei god kjensle i kroppen og ser fram til å bidra både på og utanfor bana, seier Fredrik.

Tilbake der det starta.
Tilbake der det starta.

Sogndal står framfor ein viktig og travel haustsesong. Frå starten av oktober til 8. november skal me spele minst sju kampar i serie og cup, med fleire midtvekekampar, og troppen er sårbar for skadar og karantenar. Difor ønskte hovudtrenar Eirik Bakke å ha Fredrik tilgjengeleg.

– Eg er veldig glad for at Fredrik stiller opp for klubben denne hausten, og for at Norconsult gjer det mogleg. Fredrik har god erfaring som kjem til å hjelpe laget både på og utanfor bana dei neste månadane. No skal me byggje han sakte inn i laget, då han ikkje har spela så mykje fotball det siste halvåret, seier Eirik Bakke.

Fleksibel arbeidsgjevar

I Norconsult er ein glad for å kunne bidra til at comebacket blir mogleg.

– Dette er ei gladnyheit så lenge Fredrik sjølv ønskjer å kombinere fotball med jobb. Me i Norconsult ønskjer å vere ein god støttespelar og ein fleksibel arbeidsgjevar, og leggje til rette for at det skal vere mogleg, seier Tone Myklebust Kvåle, leiar i Norconsult Sogn og Fjordane.

Fredrik sluttar seg til laget på måndag. Han vil følgje den vanlege dagsrytmen i Sogndal Fotball, før han vil spasere bort til Norconsult sine nye kontorlokale i Svingen-bygget.

– Me tenkjer langsiktig når det gjeld Fredrik, og håpar han får ei lang karriere hjå oss framover. Med kontor i Svingen ligg det òg godt til rette for å følgje med på det som skjer ute på Fosshaugane, seier ho.

Tilbake der det starta

Fredrik er son av Håvard Flo og spelte i Sogndal frå han var liten og fram til 2019. Han fekk med seg kampar i både Eliteserien og OBOS-ligaen før ferda gjekk vidare til Sotra, Øygarden, Sandefjord og Skeid.

Me ønskjer Fredrik velkomen tilbake til Sogndal Fotball, og rettar samstundes ei stor takk til Norconsult for godt samarbeid og for å gjere dette mogleg.

STAO NO PAO

Annonse fra Obos-ligaen: