
Velkommen Rasmus Holten!
Sogndal Fotball og SK Brann er samde om ein utlånsavtale for Rasmus Holten A-laget
Sogndal Fotball og SK Brann er samde om ein utlånsavtale for midtstoppar Rasmus Holten, f. 20. februar 2005. Avtalen strekkjer seg ut 2025-sesongen.
Rasmus Holten er ein talentfull midtstoppar som har mykje internasjonal erfaring frå landslag. Med sin gode fysikk er han verkeleg ein tøff spelar å møte, og den 1,95 meter høge midtstopparen har allereie blitt eit kjent namn. Rasmus har også spelt for Luis Pimenta tidlegare, då han har vore fast inventar i det suksessfulle landslaget til vår noverande hovudtrenar. I fjor sommar var dei i EM med Norge G19, og kvalifiserte seg til VM i Chile seinare i år. Luis er no som kjent Sogndaltrenar, men Rasmus skal spele VM, og i mellomtida får me sjå han spele i svart og kvitt!

Rasmus har vore Brannspelar dei siste sesongane, men han har også vore på utlån til Mjøndalen og OBOS-ligaen for verdifull speletid. I 2023 spelte han 15 kampar i serien, og på eit nytt lån i 2024 fekk han også 15 kampar. I år har han spelt 11 kampar for A-laget til Brann, men no går turen til Sogndal for å konkurrere om meir speletid ut sesongen.
I slutten av september skal Rasmus spele U20-VM for Norge. Turneringa blir arrangert i Chile, og strekkjer seg potensielt til 19. oktober om Norge skulle gå heile vegen. Me gler oss til å følgje med!
Rasmus har allereie slutta seg til troppen, og er speleklar frå og med i morgon. Me gler oss til å sjå han i svart og kvitt, og håpar det kan bli ein bra haust for både Sogndal og Norge!
STAO NO PAO!