Velkommen til Skraol!

Sogndal Fotball inviterer til fotballfest på 16. mai!

Fotballens nasjonaldag, 16. mai, er like rundt hjørnet! Sogndal Fotball inviterer til fotballfest i Skraol før kampen mot Åsane, og me håpar å sjå deg der!

Skraol er samlingsstaden på Fosshaugane Campus i forkant av A-laget sine kampar. Her kan ein møtast for ein god fotballprat, interessant program og noko godt å drikke før det brakar laust på bana. Bli med på oppladninga til kamp saman med oss!

Før kampen mot Åsane på fotballens nasjonaldag, vil det vere loddsal i Skraol. Me tilbyr flotte premiar som signert drakt og festivalpass til Fjørarock 2025. Premiane blir trekte i pausen, så me håpar å sjå mange tilbake i Skraol også mellom omgangane.

Program:

  • 16:00 - Baren opnar
  • 17:00 - Intervju med Sportssjef Terje Skjeldestad
  • 17:20 - Intervju med trenarane Luis Pimenta og Eirik Bakke
  • 18:50 - Trekning av premiar på loddsal

I Skraol tilbyr me mykje godt å drikke og diverse snacks. No har me lansert "Bøttao" som er ei bøtte med is og 5 einingar av valfri drikke! For berre 350kr kan ein kjøpe drikke til heile gjengen mykje raskare enn tidlegare. Velkommen!

NB. Det er 18 års aldersgrense i Skraol Pub

Kjøp billett til Sogndal - Åsane her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: