Vellukka OBOS-Camp i Sognahallen!

Sjå biletegalleri frå OBOS-Camp i Sognahallen!

Denne veka har det vore OBOS-Camp i Sognahallen, og mange ungar har hatt kjekke og innhaldsrike dagar med masse fotball i vinterferien! Sjå bilete frå delar av treningane under!

OBOS-Camp er ein fotballskule arrangert av Sogndal Fotball på vegne av OBOS. Gjennom heile veka er det full aktivitet i Sognahallen frå kl. 9-13, og både gutar og jenter i alderen 6-12 år er med! Spelarar i ulike lag i klubben har vore trenarar, og gjort ein kjempejobb for å gjere opplevinga best mogleg for spelarane. I tillegg til leik, øvingar og spel vart det arrangert keepertrening med keepertrenar Martin Selle.

Anton Sekkingstad
Anton Sekkingstad har vore ansvarleg for OBOS-camp

Anton Sekkingstad har vore ansvarleg for gjennomføringa av OBOS-Camp, og fortel om ei fin veke:

- Me har vore gjennom ei fin veke med heile 65 deltakarar over 5 dagar! Eg synst veka har vore veldig fin der spelarane har lært både nye moment i fotballverda, og blitt betre på det dei allereie veit om. 

- Eg vil takke deltakarane som har bidrege til å lage ei fin veke med masse godt humør og å vere villig til å lære! Eg vil også takke alle trenarane frå ulike lag i Sogndal Fotball! Dyktige leiarar som har skapt trivsel og formidla god kunnskap som fotballtrenar! Det er alltid ting som kan bli betre, og det er dei tinga me tek med oss til neste arrangement!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: