Vidare i cupen etter straffedrama på Sotra

Sogndal er klare for neste runde i NM etter å ha slått Sotra i straffesparkkonkurranse onsdag kveld.

Etter 120 jamne minuttar stod det 1-1, før Lars Jendal og Tuomas Pippola sørgde for jubel i den kvite leiren.

Jendal vart igjen ein viktig mann for Sogndal. Målvakta leverte fleire sterke redningar gjennom kampen, og då straffesparkkonkurransen skulle avgjerast, vart han den store helten. Med ei strafferedning gav han Pippola høve til å avgjere. Midtbanespelaren heldt nervane i sjakk og sende Sogndal vidare i cupen.

Sogndal fekk ein god start på kampen. Etter berre åtte minutt spel slo Elias Flo eit presist innlegg frå høgresida. Lukas Gausdal kom først på ballen og stussa han vidare i det lengste hjørnet til 1-0.

Heimelaget hadde etter kvart meir av spelet og jakta ei utlikning, men bakerst stod Lars Jendal fram med fleire gode redningar. Fem minutt etter pause lukkast det likevel for Sotra då Teodor Håland sette inn 1-1.

Resten av kampen vart prega av to lag som var forsiktige. Sotra kom til flest avslutningar, medan Sogndal forsvarte seg godt og leita etter moglegheiter framover.

Eirik Bakke og trenarteamet gjorde fleire bytte utover i oppgjeret. Onni Helén og Lukass Vapne kom inn etter 58 minutt, før Sverre Stavø kom til sin andre offisielle kamp for A-laget ti minutt seinare. Etter 76 minutt var det også tid for comeback då Fredrik Flo entra bana i den kvite drakta igjen. Samstundes fekk den 17 år gamle David Kongelf sjansen.

I ekstraomgangane heldt spenninga fram. Den største sjansen fekk Sotra då eit frispark etter 111 minutt small i tverrliggaren.

Men noken skåringar vart det ikkje. Dermed måtte kampen avgjerast frå elleve meter.

Der var Sogndal sikre. Even Hovland, Lukass Vapne, Fredrik Flo og Onni Helén sette alle sine forsøk. Då Lars Jendal redda ein av Sotra sine straffar, låg alt til rette for Tuomas Pippola. Finnen gjorde ingen feil og sende Sogndal vidare i cupen.

No ventar neste runde i NM.

Kampfakta

Sotra - Sogndal 1-1 (1-1 e.e.o., 4-6 etter straffesparkkonkurranse)

Mål: 0-1: Lukas Gausdal (8.) 1-1: Teodor Håland (50.)

Sogndal sine mål i straffesparkkonkurransen: Even Hovland, Lukass Vapne, Fredrik Flo, Onni Helén og Tuomas Pippola.

Laget (4-3-3): Lars Jendal – Ronney Onyango, Mathias Øren (David Kongelf frå 76.), Jamal Haruna, Emil Lunde Hillestad (Even Hovland frå 105.) – Tuomas Pippola, Harald Woxen (Fredrik Flo frå 76.), Kasper Skaanes (Lukass Vapne frå 58.) – Elias Flo (Sverre Stavø frå 66.), KP Arierhi (Onni Helén frå 58.), Lukas Gausdal.

Annonse fra Obos-ligaen: