
Vidare i Cupen
Me slo Moss 2-0 på Fosshaugane i kveld
Fysio Vegard tok seg av Ropet på meistarleg vis i dag.
Det vart 2-0 og avansement til 4. runde i NM då me møtte Moss på Fosshaugane i kveld. Stillinga til pause var 0-0.
Les fyldig kampreferat på Firdaliven
55 minutt ut i kampen dundra Kasper Skaanes til, og kula fauk i nota. Kasper hadde eit skot til som gjekk i metallet, men me fekk ikkje fleire mål før Anders Nord skåra på lekkert vis i det 90. minuttet.
Alt i alt var dette ein solid prestasjon av karane, det var ein god gjennomført kamp.
Anders Nord og Kasper Skaanes fortel om skåringane sine her.
Klokka 22:00 får me sjå om me får Brann på besøk her 28. juni - då er det trekning på NFF-TV