Viktig poeng på Nadderud
Det vart 1-1 mot Stabæk Video
Me tek med oss eitt viktig poeng på bussen heimatt, etter at det vart 1-1 og poendeling i kveldens kamp i Bærums-kulda.
Etter ein heller svak førsteomgang, heva gutane seg etter kvilen, og Joachim Soltvedt utlikna på sitt første spark på ballen.
Heilt bakerst stod ein panter i mål. Mathias Lønne Dyngeland var sjef, og på stillinga 1-0 redda han eit straffespark som fort kan visa seg å vera utruleg viktig når me avsluttar sesongen neste helg.
Eirik Bakke gav spelarane klar beskjed i pausen om at det ikkje var godt nok. Les meir om dette i VG.
Neste helg er det ein ny "årets viktigaste kamp so langt". Den er mot Vålerenga på Fosshaugane Campus. Det er kr. 100,- pr. pers. på heile stadion, og her får du kjøpt billetten.