Viktig siger og etterlengta smultring
2-0-siger mot Sandnes Ulf. A-laget Video
Etter nokre tøffe resultat kunne Sogndal glede seg over både tre poeng og eit etterlengta oppgjer utan baklengsmål mot Sandnes Ulf søndag kveld.
– Dette var solid. Ikkje sprudlande, men me bør avgjere dette i andre omgang. Det er ein veldig solid struktur. Me hadde ein periode på 15 minutt i andre omgang der me sleit, men så kom me oss gjennom den, seier Bakke.
Tuomas Pippola sette inn 1-0 før kvilen, før Atli Barkarson skaut eit frispark i hovudet på Even Hovland og i mål til 2-0.
– Det var ein fortent siger. Me burde skåra fem, men ein siger er ein siger. Me må bli litt meir kliniske på siste tredjedel, så skårar me fleire mål, seier Pippola.
– Me er veldig glade på vegner av gutane. Tre poeng og null baklengsmål. Det er lenge sidan, seier Bakke.
– Det var bra for Even (Hovland) og gutane bak med Lars (Jendal) i spissen, men det er heile laget som jobbar for det. Det var viktig å slå tilbake etter nokre tap. No skal me nyte sigeren, seier Bakke.
-
20Asp
-
36Årøy
-
32Øren
-
38Sundal
-
35Hillestad
-
15Helén
80'