Vil gjera ein forskjell
I samarbeid med Røde Kors Sogndal har Hanna Hovland Mo og Even Hovland starta ein innsamlingsaksjon til flyktningekrisa i Myanmar.
Denne helga har Hanna Hovland Mo og Even Hovland, i samarbeid med Røde Kors Sogndal, laga til ulike aktivitetar i Sogndalsentrum som skal skaffe midlar til flyktningekrisa i Myanmar.
På søndag vil Røde Kors vere synleg på Fosshaugane Campus med både bøser og Vipps informasjon i forbindelse med kampen mot Vålerenga. Sogndal Fotball håper fleire vil vera med å støtte opp om dette gode tiltaket.
Eit innslag på nyheitene gjorde at dei to ville gjera ein forskjell
- Me sat ein kveld og såg på nyheitene. Det var eit sterkt innslag frå flyktningeleiren i Myanmar. Det er så mange ganger eg ikkje har klart å ein gong sjå på desse innslaga, det blir så sterkt at eg tar på ein anna kanal. Tar avstand til det. Denna kvelden såg me, og det var så trist, fortel Hanna Mo.
- Etter at me fekk ungar sjølv, relaterer ein seg til det på ein annan måte. Tenk hadde det vore våre ungar? Tenk hadde ikkje me kunne slukka tørsten, gitt dei mat eller den tryggheiten dei så inderleg treng og skrik etter. Det er så grusomt at så mange mennesker skal ha det slik. Noko må me kunne gjere?
Tok kontakt med Røde Kors Sogndal
- Me tok kontakt med Røde Kors Sogndal, og dei var på med ein gong. Saman laga me ein plan og satte ein dato for innsamlingsaksjonen, fortel Mo
Amfi Sogningen, Idrettssenteret, Dampskipskaien og Sogndal Fotball med på laget
- Det er det som er så fantastisk med å bu på ein plass som Sogndal: bedriftene og menneska bak hjelper og bidrar meir enn gjerne. Wilhelm og Amfi Sogningen, Idrettssenteret, Dampskipskaien og Sogndal fotball har blitt med på laget. Og no ønskjer me å kunne nå ut til så mange som mogleg, slik at me saman kan hjelpe dei som treng det mest.
Program for helga
Torsdag: Trening i Campushallen kl.18-19. Betal 200 kr og bli med på å tren!
Fredag: Quiz på Dampskipskaien kl.20. Betal 100kr for kjekk quiz med gode venner.
Laurdag: Stand på AMFI sogningen. Kl.12-15
Gunn Marit Kvåle kjem og syng nokre sangar og Sogndal spelarar vil og vera tilgjengelege for publikum. Det vil bli utdeling av gratis vaflar og Sogndaleffektar. I tillegg skal Lotepus ha boksignering i same området.
Søndag: Røde Kors vera synlege på Fosshaugane Campus med både bøsser og Vipps informasjon.
Korleis kan ein støtte?
Send SMS: HELSE til 2272 (200kr)
VIPPS så mykje du vil til 2272
Sett inn penger på konto: 8200 06 10190
Eller gje i bøssa =)