Vinn draumedag med Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer!
Draumedagen er ei heilt spesiell fotballoppleving for eit heldig lag i vår region. Bli med i trekninga! Video
Me er stolte over å ha Sognekraft med som hovudsponsor for både Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer. Saman ønskjer me å skape gode opplevingar for unge lag i regionen. Difor inviterer me no eitt utvalt aldersbestemt lag til ein skikkeleg draumedag på Fosshaugane Campus.
Vinnarane får ei oppleving utanom det vanlege. Det blir fotballtrening saman med spelarar frå dame- og herrelaget, omvising i garderoben, tur med Stao no pao-bussen og pizzaservering.
Draumedagen går i år av stabelen 24. september.
Sjå film frå Draumedagen 2025:
Meld på ditt lag til Draumedagen
Ønskjer du at ditt lag skal vere med i trekninga? Då kan de delta ved å sende søknad på e-post til sponsor@sognekraft.no.
Dette treng me frå dykk:
- Namn på laget og kvar de kjem frå
Skriv kva laget heiter, kva klubb/gruppe de høyrer til, og kvar de kjem frå. - Alder og tal personar på laget
Oppgi alderstrinn og kor mange som vil vere med på Draumedagen. - Kvifor akkurat de bør vinne Draumedagen
Fortel kort kvifor laget dykkar ønskjer og fortener denne opplevinga. Det kan handle om samhald, innsats, trivsel, frivilligheit, fotballglede eller noko laget har opplevd saman. - Ei ekstra historie?
Har nokon på laget ei ekstra fin historie, ein stor fotballdraum eller ein særleg motivasjon? Kanskje ein spelar som drøymer stort, eller nokon som verkeleg brenn for fotballen. Det kan også vere ein trenar, forelder eller støttespelar som har gjort noko ekstra for laget. Me ønskjer å løfte fram menneska bak laget.
Merk:
Ved å sende inn søknad samtykkjer laget til at det kan bli teke bilete og video frå Draumedagen. Dette kan bli brukt i kanalane til Sognekraft og Sogndal Fotball, inkludert sosiale medium og pressemeldingar.
Søknadsfrist:
Søndag 15. august. Vinnaren blir trekt og annonsert fortløpande etter dette.
Lykke til – me gler oss til å høyre frå dykk!