Bli med til Bergen: Her kjøper du billett
Laurdag vert det avgjort. Her er det du treng å vite før returkampen i Bergen. A-laget
Me treng dykk i Bergen laurdag! Etter 3–3 på Fosshaugane vert alt avgjort på Stavollen: Vinnaren spelar i OBOS-ligaen i 2027. Avspark er kl. 13.00, og me håpar å sjå bortesvingen full av Sogndal-supporterar!
Me har fått 570 billettar, og 200 var borte før lunsj måndag. Her gjeld det å vere rask. Me har sett opp ein buss frå Sogndal, og set opp ein til dersom pågangen er stor.
Bli med til Bergen og hjelp laget heile vegen!
- Buss og kampbillett: Meld deg på her
- Billett: Kjøp billett her
Buss
Bussen går kl. 07.30 frå Sogndal skysstasjon og køyrer heim att rett etter kampen. 250 kroner dekkjer både buss og kampbillett. Det er 45 plassar, og turen er alkoholfri. Meld deg på her.
Sparebanken Norge, Sognekraft og Lerum er med og gjer turen mogleg.
Busstur til Bjarg – Sogndal
🕢 Avreise laurdag 28. november kl. 07.30 frå Sogndal skysstasjon
💳 250 kroner for buss og kampbillett
🎟️ Påmelding på TicketCo
Billett
Tek du bussen, er kampbilletten med i prisen.
Reiser du på eiga hand, kjøper du billett hjå Bjarg på TicketCo: Kjøp billett her
Me har fått 570 billettar, og måndag føremiddag var 200 allereie selde. Her gjeld det å vere rask!
På Stavollen
Arenaen opnar kl. 11.45. Me går inn ved Stend og Fana Skytterlag og har eiga sone i svingen mot fjellveggen. Inngangen vert skilta, og kampvertar viser veg. Kom i god tid.
Står det uavgjort etter 90 minutt i Bergen, vert det ekstraomgangar og eventuelt straffesparkkonkurranse.
Bjarg opplyser at kampen kan verte flytta til Åsane Arena ved frost. Billetten gjeld der òg.
Sjå kampen
Kan du ikkje vere med til Bergen, kan du sjå kampen direkte på Direktesport.
Stao no pao!